Fleirbruksanlegg til 20 millionar
Nissedal kommune stør eit prosjekt der Gautefallheia kan ende opp med verdas beste sommaranlegg for skiskyting. Satsinga til 20 millionar kroner skal gje eit fleirbruksanlegg med ei fire kilometer lang asfaltert løype. Ei referansegruppe som inneheld skiskyttareliten i Noreg, har tru på prosjektet og meiner anlegget vil bli det beste som finst, seier prosjektleiar og skiskyttar Tom Idar Haugen frå Drangedal.
Det har ei tid blitt jobba med ein plan om heilårs skiskyttaranlegg ved hotellet på Gautefall, etter ein idé frå skiskyttarinteresserte Torbjørn Haugen i Drangedal. Hovudfokuset er å etablere ein flott sommarbane for rulleski. Både Nissedal og Drangedal har gjeve midlar til eit forprosjekt for å sjå nærare på saka.
Tanken er å etablere eit fleirbruksanlegg der ein mellom anna kan gå på rulleski, rulleskøyter og ha tilbod for rullestolbrukarar. Ei fire kilometer lang asfaltert løype skal få flomlys. På skytestadion blir det 30 elektroniske skiver, i tillegg til to timeters banar for luftgeværskyting. Det vil bli sett opp eit stadionhus i området. Snøkanonane i alpinbakken skal produsere snø for å få gode skiforhold tidleg i vintersesongen. Dermed kan det bli eit trekkplaster for fleire enn nordmennene like før konkurransestart. Skiskyttaranlegget skal tilfredsstille internasjonale krav. Ein landskapsarkitekt har alt stikka ut sommarløypa og rekna på kva prosjektet vil koste.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gode referansar
Etterspurnaden etter gode anlegg er stor. Det er bare nokre få anlegg i Noreg som held kvalitet til å ha store skiskyttarmeisterskap, fortel skiskyttar Tom Idar Haugen (24) frå Drangedal.
Parallelt med utøvinga av idretten har han sagt ja til å vere leiar for prosjektet på Gautefall. Drangedølen har både i 2002 og 2003 lagt bak seg fire månaders opphald i Ramsau i Austerrike for å satse på skiskyting. Han har fått eit veldig bra kontaktnett som han vil dra med seg i prosjektjobben han nett har tatt på seg.
Ramsau har ein rulleskibane som er så bra at alle verdas skiskyttarlag kjem dit. Anlegget på Gautefall blir endå betre. Det høyrest heilt vanvittig ut å byggje eit anlegg til rundt 20 millionar kroner, men det er realistisk. Ei referansegruppe, der skiskyttar Frode Andresen er med og som inneheld skiskyttareliten i Noreg, stør oss fullt ut i satsinga. Gruppa har skikkeleg tru på prosjektet og meiner det vil bli det beste anlegget som finst, seier Haugen.
Både SND og dei som styrer tippemidlane er kontakta med tanke på tilskot. Det vil bli søkt om midlar fordelt på to delprosjekt.
Mykje å seie for Nissedal
Haugen meiner Gautefall er unik med tanke på at det er overnattingsmoglegheiter i området som kostar ned i 50 kroner døgnet per person. Vidare ser han det som store fordelar med prosjektet at det er korte avstandar til alternative aktivitetar som utøvarane set pris på. Han tenkjer mellom anna på det breie klatretilbodet i Nissedal, men også sykkelrutene som er under etablering i kommunen.
Nissedal er like interessant som Drangedal med tanke på alle moglegheitene. Prosjektsatsinga vil drype tilbake på Nissedal også. Anlegget på Gautefall bør bli midt i blinken og eg trur konsekvensane blir større enn me aner. Det norske landslaget i skiskyting er best i verda. Kjem dei hit, så kjem det tyske landslaget og andre fylgjer etter, trur Haugen.
Etter at både styringsgruppa og prosjektleiar nå har kome på plass, er det blitt fortgang i planen. Det er meininga at forprosjektet skal gli over til eit hovudprosjekt om kort tid.
Skal me kome i gang med anlegget må det skje til sommaren, og det må vere ferdig til neste sommar. Det er viktig at me kjem i gang nå. Det finst andre klubbar som kan slå til med liknande planar. Eg har kjempetru på at anlegget er klart til bruk i 2005, seier prosjektleiar Haugen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Formannskapet i Nissedal har heile tida sett veldig positivt på planen. Derfor har me løyvd midlar til forprosjektet. All aktivitet på Gautefall har mykje å seie for både Nissedal og Drangedal, seier Nissedal-ordførar Øyvind Tveit til VTB.
Ikkje konkurrent til Fyresdal
Skiskyttarlaget i Fyresdal er godt i gang med opparbeidinga av eit flott skiskyttaranlegg på Veum. Tom Idar Haugen ser ikkje nyanlegget i Fyresdal som ein konkurrent for prosjektet på Gautefall.
Det er ein veldig fordel for oss at det blir laga anlegg i Fyresdal. Det aukar rekrutteringa og me får høgare standard på anlegga. Det byrjar å dra seg til at Telemark kjem på skiskyttarkartet, seier Haugen, som alltid synest det er moro å gå renn i Fyresdal.