Fleire arkeologiske funn i Nissedal
I haust var arkeolog Torbjørn Landmark i Nissedal og registrerte arkeologiske funn. Det var historielaget som hadde invitert Landmark. Her fortel historielagsleiar Frank E. Lien om registreringane som blei gjort.
Besøket gav snart frukter. Dei fyrste funna blei registrerte rett sør for Treungen sentrum. Der hadde Hallvard Dahl for andre gong funne flint. Denne gongen tre «flekker» i flint frå steinalderen. Reiskap som blei bruka til preparering av skinn og liknande. Flekkene blei overlevert Landmark, som registrerte og pakka dei, for så å sende dei til Oldsakssamlinga i Oslo.
På Lia i Treungen blei det undersøkt nokre små groper i ein åskam. Det blei fort slege fast at dei fleste var etter gamle rotvelter. Men ei av gropene var full av kol i botnen. Dette viste seg å vera ei kolgrop frå yngre jernalder/mellomalderen. Slike groper blei bruka til brenning av kol som dei bruka i omnane når dei brende jern.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er tidlegare funne spor etter jernbrenning i Nusvika og på Vik. Det er funne mykje slagg etter jernbrenning over heile Nissedal. Det eldste funnet er datert med C14, og resultatet var då at det kunne vera frå rundt år 0. Dette funnet vekte oppsikt, då det var bortimot 400 år eldre enn dei tilsvarande anlegga som er funne ved Møsvatn.
Øks frå 700-talet
Vidare gjekk turen opp til Grimstveit der Sverre og Anne Berge hadde eit og ana å vise fram. Grenda ligg bildeskjønt til, 400 meter over havet, med storslegen utsikt over Nisser. Der er tidlegare gjort fleire funn i Grimstveit-grenda. Det mest oppsiktsvekkjande funnet i seinare tid er ei øks. Denne er frå yngre jernalder/mellomalder, altså frå sju-åttehundretalet. Øksa var i svært god stand og hadde klara seg i jorda i meir enn tusen år. Det var oldefar til Anne som fann øksa då han dreiv med nydyrking. Ein må rekne med at det var ein eller fleire gravhaugar han sette plogen i då han rydda nytt land.
Når ein har det moro, og blir traktera på beste måte, gjeng tida så alt for fort. Me preika og rødde så lenge at ein tur over til Fjone var heilt utenkeleg.
Men me hadde tid til å sjå på gravhaugane på Aarak i Treungen. Me var ikkje dei fyrste som såg på gravfeltet. Haugane har før vore sett på av arkeologane Helge Braathen og Irmeil Martens. Men noko ordentleg registrering er ikkje gjort før nå. Det kan skuldast at det er lettare nå som det er rydda nytt beiteland, og feltet er lettare å få auga på enn før.
Aaraksbøndene var mektige
Arkeologen fann ti sikre gravhaugar, fleire med fotgrøfter. Litt uvisst er det om ein svær haug på høgre side i kleiva opp mot garden, men det er mest truleg at dette òg er ein gravhaug. I så fall er dette den største. Tvers over for denne ser det ut til at det har vore ein langhaug. Det var ofte kvinner som blei lagt i langhaug. Ein må gå ut frå at det har vore ei mektig dame som dei her har hauglagt.
Aarak er eit svært spennande område med haugar på ein av dei andre gardane òg. Ein veit sikkert at ein eller fleire haugar blei jamna ut då Petter Aarak rydda nytt land der rundt 1910.
Det har sikkert vore ein innbyrdes kamp om makt og prestisje mellom gardane. Eller at garden var ein samla gard i gamal tid?
Fleire av gravhaugane har plyndregroper på toppen. Det har vore folk i tidlegare tider på jakt etter verdisaker. Men slikt finn ein ikkje i slike haugar, for på den tida blei kroppane brende. Dette gjeld òg røysane på Røynodden, som ein må gå ut frå høyrde til Aarak. «Kjempehaugane» på Fjone har òg spor etter plyndring.
Artikkelen held fram under annonsen.
Aarka har vore ein sentral plass. Når folk kom frå Fjone måtte dei forbi røysane på Røyrodden, og ville dei vidare måtte dei gå forbi haugane på Aarak, Øverland, Homme og Heimdal. Ein kan seia sikkert at dette var den gamle ferdselsåra, og meiningane med gravene var at dei skulle sjåast. Ikkje så lite tid og krefter må dei gamle ha lagt ned i å lage gravhaugar. Det kan vel hende det var stor prestisje i å ha dei største haugane.
Alle desse haugane er frå yngre/eldre jernalder, altså mellom år 400 og 800 etter Kristus. Dette var den tida då jernbrenninga var på det høgaste i kommunen, så kan hende var det ein samanheng mellom store gardar og jernbrenning?
Historielaget vil på det sterkaste oppmode folk som kan ha liggande oldtidsfunn om å ta kontakt med historielaget eller direkte med arkeologane i fylket. Det er viktig at slike funn blir registrerte. Det er fort at nokre av tinga fer ut av bygda med dei neste generasjonane, og då kan det vera for seint.
Historielaget hadde invitert Tveit skule i Treungen med på denne runden med registrering. Diverre tok ikkje skulen imot invitasjonen. Eg trur mange av elevane ville hatt interesse av å bli kjent med historia i nærmiljøet.