Fleire hundre på aktivitetsrik dag
Opp mot 300 personar var med på fotballcup og aktivitetar på Sterke-Nils-dagen i Seljord laurdag.
Inne på Sterke-Nils senteret er mor og to søner i full gang i treningsapparat for å varme opp. Gunhild Kåsa Dehli og brørne Oscar og Olav er snart klare for å stille på laget «Sterke-Nils» i fotballcupen for bedrifter og andre som vil delta. Gunhild sin yngste son, Odin (12) ville også ha vore med, men er for ung og må finne seg i å vere tilskodar frå tribunen.
– Målet er å ha det moro, og det er artig at dei arrangerer ein slik dag som dette, seier Gunhild, like før ho skal ut i sin fyrste fotballkamp i turneringa på Granvin.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ei moro greie
Live Strand i Sparebanken Din, Seljord, har vore med og hjelpt alle dei fire gongene verksemda har stått bak fotballcupen.
– Dette er eit lågterskeltilbod med ymse fysisk form, og skal vere ei moro greie. Me sette taket på 16 lag, og påmeldingane kom veldig raskt, seier Strand, nokre minuttar før ho skal stille på banen saman med resten av laget frå banken.
Hallen i Granvin er delt inn i to banar, og fem spelarar inkludert målvakt er innpå av gongen. Laga er delt inn i fire puljar, før kvart-, semi-, og finale eit stykke ut på ettermiddagen. Kvar kamp er på 12 minuttar.
Når breiare ut
Somme fotballag kom utanbygdes frå. Laget «Slektstreff» hadde tatt turen heilt frå Vennesla for å delta. Gjengen er i slekt med Mette Mo, tilsett og fagansvarleg i Sterke-Nils-senteret, den andre arrangøren av aktivitetsdagen i Seljord.
Sterke-Nils-senteret opna i september 2011.
– Kvart år frå då har me hatt Sterke-Nils-dag for å feire oss sjølve, seier Mo.
Sparebanken Din blei med på dagen på Granvin for å vere med og skape eit lokalt arrangement.
– Me har same mål; ha det gøy og positivt gjennom aktivitet. Og det har me klart. Dessutan når me breiare ut ved å ha to tilbod denne dagen, er Mo og Strand samde om.
Artikkelen held fram under annonsen.
Denne dagen nyttar opp mot 300 personar ulike tilbod i arrangementet der det meste er gratis å delta i. Arrangørstaben er ei grunnstamme på fire personar. Dei har med seg 15 hjelparar, og all innsats er på dugnad.
Massøren som freista med 20 minuttar på benken, hadde fullt opp å gjere frå morgon til kveld. I tillegg var det ein stand der to personar fokuserte på ulike ting innan helse.
– Og så har me eit sunnare og breiare lunsjtilbod denne dagen, seier Mo.
Arrangementet blei avslutta med bankett; premieutdeling, underhalding, middag og med E76 på plass for å ordne det musikalske utover seinkvelden for 200 festdeltakarar.