Fleire hytteinnbrot langt til fjells
Toralf Momrak i Fyresdal er sikker på at det går ein vandrande innbrotsmann laus etter at nokon har gjort innbrot og kosa seg i hytta hans 2,5 kilometer frå bilveg. Fyresdølen ringte politiet, men der fekk han inga hjelp. Det er gjort innbrot i minst ei hytte til på fjellet.
– I dag har eg fått meg eit slag i trynet som eg aldri har fått før.
Orda kjem frå Toralf Momrak i bustaden hans laurdag kveld. Tidlegare på dagen var han til hytta si ved Raubles. For å kome dit køyrer han av fylkesvegen like ved Våmur i 200 meter, og går deretter ein sti i 2,5 kilometer innover heia. Vel framme ved hytta såg han at døra stod open, og undra om det blei gløymd å lukke ho ved førre besøk der. Så oppdaga han at nokon hadde brote seg inn.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg blei så forbanna. Eg har hatt hytta sidan 1969, og det har aldri vore innbrot. Hytta ligg så langt frå allfarveg at eg aldri hadde trudd det kom kjeltringar der, seier Momrak.
Svaret var nei
Etter å ha slått fast at det hadde vore innbrot, gjekk Momrak lenger opp i høgda både for å få mobilforhold og sjå om han kunne få auge på innbrotspersonen.
– Om eg hadde sett han veit eg ikkje kva eg hadde gjort …
Men ingen var å sjå. Så ringte Momrak politiet på 112. Han fekk til svar at kanskje kunne ein politipatrulje i Kragerø kome, men det viste seg like etterpå at den måtte på anna oppdrag.
– Eg spurde politiet om eg kunne få dei hit seinare på dagen eller sundag, men svaret var nei. Han hos politiet som svara var ein kjempetriveleg kar, men eg fekk inga hjelp, seier Momrak.
Han kunne ikkje melde innbrotet over telefon.
– Nå må eg finne eit ope lensmannskontor måndag og melde saka. Dei steller det lettvint for oss …
Vore over alt
Det var ikkje berre døra til hytta som var broten opp, men også eit vindauge. Momrak trur personen fyrst har kome seg inn der, men kome til at når ein skal gå ut og inn er det lettare gjennom døra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Låsen til skjulet var slått sund. I hytta låg det nykel som den ukjente kunne låse seg inn i annekset med.
– Han har vore over alt. Eg trur det er éin person, og han har lege i senga og overnatta i hytta. Han har bruka propan og ete og kosa seg av maten eg hadde der, og det er bore inn vatn i bytter. Vedomnen stod open. Det ser ikkje ut til at det er forsvunne mykje frå hytta, men ein pulk er borte. Den ligg nok att i terrenget ein stad, trur Momrak.
Bed folk vere obs
Førre gong han var på hytta var måndag, då han var der saman med nokre andre. Momrak reiste heim noko tidlegare enn dei. Då dei kom ned til bilen og køyrde mot Fyresdal, gjekk det ein person med ryggsekk sørover ved svåune ikkje langt unna der parkeringsplassen er ved stien til hytta. Momrak fortel at ein liknande person i grøn bukse og fjellsko blei sett gåande i Hauggrend fredag.
– Han som har brote seg inn i hytta kan vere ein vandrar som går rundt. Eg vil oppmode hytteeigarar og andre til å fylgje med, seier Momrak, som har gått ut med innbrotshistoria på sosiale mediar for å åtvare og be om tips.
Måndag morgon ringer Momrak VTB for å opplyse at det nyleg er oppdaga eit liknande innbrot i ei hytte om lag 1500 meter unna hans.
– Nå er eg heilt sikker på at det går ein vandrar i fjellet, seier Momrak.