Fleire KM-gull til Vest-Telemark
Ingerid Vadder, Sigrid Marit Jonassen Verpe og Karl Christian Vangsnes Øvrebø gjekk til topps i klassene sine i sprintfinalen laurdag. I tillegg blei det sylv til Gunhild Kvålseth og bronse til Olav Haugeberg Midtbø.
I tillegg blei det også KM-gull i sprint til Marianne Hermansen, IL Rein, i seniorklassa for kvinner, og til Torgeir Lid Byggland, Høydalsmo IL i herreklassa. Hermansen var åleine i klassa.
Dermed blei det fire krinsmeistartitlar til Vest-Telemark laurdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Både Vadder (J15), Morgedal IL og Verpe (J14), Vinje IL, var favorittar i klassene sine, og dei innfridde.
– Eg er ikkje heilt fornøgd med prologen, men eg håpar å gå fortare i finalen, sa Vadder.
Det gjorde ho, og dermed held Vadder fram med å levere i skiløypene. Førre helg blei ho nummer to i Oslo skifestival. Også Verpe har gjort det svært godt i årets sesong.
Karl Christian Vangsnes Øvrebø, Åmdal IL, vann klassa for 18-åringane, og kan også smykke seg med tittelen krinsmeistar.
Elles blei det KM-sylv til Olav Haugeberg Midtbø (G14), Vinje IL, og Gunhild Kvålseth (J16), Morgedal IL.
Morten Hermansen (G15), IL Rein, blei nummer sju, Daniel Andersen Pedersen (G15), Morgedal IL, nummer fire, Gunhild M. Lofthus (J14), Høydalsmo IL, nummer åtte, Ingrid Stigen Byggland (J13), Høydalsmo IL, nummer fem, Silje Varla Aakre (J13), Seljord IL, nummer elleve, Erik Brostigen Ringhus (G16), IL Rein, nummer seks og Lars Gunnar Kvamme (G16), Morgedal IL, nummer tolv.
3 x gull nummer to
Sundag var det distanserenn 10 kilometer friteknikk. Både Ingerid Vadder, Sigrid Marit Jonassen Verpe og Marianne Hermansen gjentok prestasjonane frå sprinten dagen før, og kunne ta med seg KM-gullet heim.
Verpe var nitten sekundar raskare enn nummer to, Helene Hafredal Haugan frå Gulset. Gunhild M . Lofthus blei nummer sju i same klasse. Vadder vann klassa si heile 33 sekundar føre Nora Sofie Doksrød, Runar IL, medan Hermansen var nesten to minuttar raskare enn Brita Cecilie Meen Mustad, Stathelle og Omegn IL.
Artikkelen held fram under annonsen.
Øystein Haugeberg Midtbø (G13), Vinje IL, tok bronse, medan Mohammed Abdi Mohammed (G13), Seljord IL, blei nummer seks.
I J13 gjekk Ingrid Stigen Byggland inn til 10. plass, medan Lars Gunnar Kvamme (G16) blei nummer 14. I same klassa gjekk Erik Brostigen Ringhus eit sterkt løp som til slutt gav han ein fjerdeplass.
Gunhild Kvålseth blei nummer tre i J16. I G15 blei Morten Hermansen nummer åtte og Daniel Andersen Pedersen nummer ti.
Elles blei Karl Christian Vangsnes Øvrebø nummer to i M18, Vegard S. Skolås, Høydalsmo IL, nummer åtte i M19/20 og Torgeir Lid Byggland nummer fire i menn senior. Klubbkamerat Jostein Skolås måtte ta til takke med tiande plass i same klasse.
I K17 tok Mia Sæther Midtbø, Åmdal IL KM-bronse.