Fleire seier opp legevaktavtala
Tidlegare har Nissedal kommune sagt opp avtala med Seljord kommune om legevaktsamarbeid i Seljord. Nå fylgjer Fyresdal etter. Bakgrunnen for vedtaket er at det er eitt års oppseiing av avtala og difor må ho seiast opp før jol. Me er fornøgde med legevaktsamarbeidet, men me ønskjer likevel å sjå på alternative løysingar. Me vil ha fridom til å velje noko anna om det er mest tenleg, uttalar Jan Aarak, sektorsjef for oppvekst og omsorg i Fyresdal. Også Kviteseid vurderer kva modell kommunen skal ha for legevaktsordninga. Eit legevaktsamarbeid med Seljord blir truleg for kostbart utan Nissedal med, uttalar Kviteseid-ordførar Torstein Tveito.
Hovudutvalet for kultur, oppvekst og omsorg vedtok torsdag, fire mot ei røyst, å seie opp avtala med Seljord kommune om legevaktsamarbeidet i Seljord.
Bakgrunnen for vedtaket er at det er eitt års oppseiing av avtala. Difor må ho seiast opp innan jol. Me er fornøgde med legevaktsamarbeidet, men me ønskjer likevel å sjå på alternative løysingar. Me vil ha fridom til å velje noko anna om me vil det, seier sektorsjef for oppvekst og omsorg, Jan Aarak i Fyresdal kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fyresdølene til Arendal?
Ordførar Saamund Gjersund seier at Fyresdal er opne for å samarbeide med både Arendal og Vest-Telemark når det gjeld legevakt.
Me ønskjer eit så billeg og best mogleg legesamarbeid som råd. Difor held me alle moglegheiter opne. Eg reknar med at me kan opprette eit samarbeid med Arendal om me vil det. For oss er det naturleg å bruke sjukehuset i Arendal, seier han.
Det er 15 mil til sjukehuset i Arendal og sju mil til legevakta i Seljord.
Gjersund seier at sidan Nissedal trekte seg ut av legesamarbeidet blir det for dyrt for Kviteseid, Fyresdal og Seljord å halde fram med dagens legevaktordning.
Må kanskje til Notodden
Eg fryktar Seljord må vende seg til Notodden om det berre er Kviteseid og Seljord som vil samarbeide om legevakta, seier ordføraren i Seljord, John Kleivstaul.
På formannskapsmøtet i Kviteseid onsdag, sa ordførar Torstein Tveito at Kviteseid ønskjer ein ny modell for legevaktsordninga. Saka skal opp i kommunestyret i Kviteseid 18. desember. Tveito gav uttrykk for at legevaktsamarbeidet med Seljord truleg blir for kostbart utan Nissedal med, og at Kviteseid ønskjer å stå fritt til å kunne velje framtidige løysingar for legevaktsamarbeid.
Dette er ikkje eit nei til vidare legevaktsamarbeid med Seljord, men avtala må inn i ei ny form, uttalar Tveito.
To råd
Kommunalsjef Kari Gro Espeland i Seljord fortel at det er møte i samarbeidsrådet for legevaktsamarbeidet måndag 8. desember. Der sit det ein representant frå kvar av kommunane som er med på dagens samarbeidsordning. Det er Nissedal, Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje. I tillegg er kommunelegen i Seljord, Elisabeth Svendsen, med i rådet, ein avdelingssjukepleiar og fleire legar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me skal drøfte fleire moglege løysingar for å gjere legevaktsamarbeidet billigare. Men eg meiner legevakta bør liggje i Seljord. Me har bygd opp kompetanse og personell i Seljord som kan ta seg av dette, seier Espeland.
Verken ordførar Saamund Gjersund i Fyresdal, ordførar Arne Vinje i Vinje, ordførar John Kleivstaul i Seljord eller dagleg leiar i Vest-Telemark Rådet Kjell Gunnar Heggenes kjende til at det var eit slikt råd som jobbar med legevaktsamarbeidet. Tysdag kveld vedtok ordførarane i Vest-Telemark Rådet å opprette eit arbeidsutval som skal jobbe med å få til eit legesamarbeid for alle kommunane, med unntak av Nissedal som har valt å samarbeide med Arendal.
Eg kjenner ikkje til den andre gruppa, seier ordførar Vinje.
Kanskje er det litt smør på flesk at me i Vest-Telemark Rådet har sett ned eit råd som skal arbeide med legevaktsamarbeidet, seier Kleivstaul.
Kleivstaul legg til at han snarast råd vil ta kontakt med kommunalsjefen i eigen kommune for å orientere seg om arbeidet det såkalla samarbeidsrådet for legesamarbeid gjer.
Vinje vil halde fram som før
Me greier oss godt slik me har det i dag. Men det er klart at me kan vere med på ei fellesløysning. Eg trur det er viktig for arbeidsgruppa som er nedsett av Vest-Telemark Rådet å starte med blanke ark og sjå på legesamarbeidet heilt på nytt. Me må ha klar ei innstilling før jol, uttalar Vinje.
Han ser ikkje noko problem med å seie opp dagens avtale med Seljord for så å forhandle på nytt med Seljord om ei ny ordning.
Me kan anten gjenopprette avtala med Seljord etter at me har sagt ho opp, eller me kan lage ei heilt ny avtale, seier Vinje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han informerer om at Vinje berre samarbeider med Seljord om legevakta etter klokka 22 i vekene og helgene.
Det er me fornøgde med. Me har eit veldig godt utstyrt legekontor og eg kan ikkje sjå noko poeng i å ikkje halde fram på denne måten. Men det er viktig at me samarbeider og ikkje reiser ut av fylket for å kjøpe tenester, seier han.
Sissel Bitustøyl er Vinje kommunes representant i arbeidsgruppa som er oppnemnt av Vest-Telemark Rådet. Kommunelege Elisabeth Svendsen representerer Seljord.