Fleire telemarkskyr enn på lenge
Den ikoniske telemarkskua har lenge vore sterkt utryddingstruga. No er det fleire dyr på beitet enn på lenge.
Kua har gått frå å vere kritisk truga, til berre å vere truga. No er det 380 avlskyr mot under 300 for berre tre år sidan, seier Aslak Snarteland i Fyresdal.
Han har kring 30 av desse og er glad for at det har snudd og at fleire no vil satse på kua.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det har vore noko problem med innavl sidan populasjonen har vore så låg, men ein har fått god hjelp av Norsk Genressurssenter som har program som kan berekne innavl. Det er dei som i ein rapport nyleg meldte om at det er auka tal på alle dei gamle storferasane her i landet, etter at registreringa byrja i 1990.
Høg profilering og satsing har kasta av seg. Fylkesmannen har hatt ulike prosjekt og laga seminar der interesserte har møtt opp og blitt kjent med miljøet. Snarteland meiner det er viktig å skape eit godt miljø for dei som driv med Telemarkskyr, slik at det er triveleg å drive på med.
Det er ikkje noko kjøttfè, men ein opplever likevel at det er god etterspørsel etter kjøtet. Sjølv om kua fyrst og fremst er ei mjølkeku, er Snarteland glad for at bønder brukar dei som ammekyr og at kurasen vert teken vare på.
–Trur du Telemarkskua kunne kome på UNESCOs verdsarvliste?
–Ikkje for seg sjølv, men den kunne kanskje blitt ei brikke i den verdsarven ein alt har her i Telemark. Sam Eyde hadde eige fjøs med telemarkskyr på Rjukan. Kua har vore sentral i livsgrunnlaget i Vest-Telemark, seier Snarteland.
Veldig sårbart
Leiar i Landslaget for Telemarksfe, Hilde Riis, er glad for framgangen, men seier det framleis er veldig sårbart og at ein må jobbe vidare for å auke og halde interessa oppe.
Det er viktig å avle på så mange dyr som råd. Om ei ku mjølkar dårleg, kan det likevel vere ei god ammeku. Det er framleis for få dyr til at ein kan selektere på eigenskapar. Grensa på 300 avlsdyr er nådd, men det er langt opp til 3000 som er nærmaste grad på kor livskraftig rasen er. Då vil den bli definert som sårbar. Men det er langt dit, seier Riis.
Vil jobbe for UNESCO
Sjølv om telemarkskyrne mjølkar mindre, har mjølka fått skryt for ysteeigenskapane sine. Den kom på topp i ei undersøking på landbruksskulen på Ås. Kjøtet er også sunnare, sidan dyra veks seinare og har ei gunstig feittsamansetning. Produkta vert og merka slik at det kan nyttast i marknadsføringa, seier Riis.
Artikkelen held fram under annonsen.
Arbeidet vil halde fram med å halde på interessa for livdyr, og også informere og skape eit godt miljø. Det arbeidast og med å få til ein felles salskanal for produsentar via ein nettportal. Me jobbar også med å få telemarkyra inn i verdsarvområdet og har vore i kontakt med Rjukan og Notodden om dette, held ho fram.