Fleire vil ha hybridbilar
Vesttelar som kjøper bil skil seg ikkje ut frå andre bilkjøparar.
VTB stilte spørsmålet om kven den typiske bilkjøparen i Vest-Telemark er. Salssjef Terje Moen hjå Bilsenteret AS på Notodden, som sel Mazda og Volvo, seier det ikkje er nokon som skil seg ut i befolkninga.
– Me har alt frå 20-åringar som gjerne skal ha ein litt mindre, men gjerne sporty bil. Så har me dei i andre enden av aldersskalaen som helst vil ha ein større og gjerne velprøvd bil. Ser me vekk frå det er det ingen som skil seg ut i mengda, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Moen fortel at både hybridbilar, dei som har både elektrisk og forbrenningsmotor, er meir i skotet enn tidlegare. Det same gjeld også bilar med berre elektriske motorar.
– Nordmenn har blitt meir bevisst på miljøet, og alle statistikkar viser at salet av slike bilar har auka monaleg dei siste åra, fortel han.
Trekk på alle fire
– Kva med firehjulstrekk kontra tohjulstrekk?
– Utan at eg har tala i hovudet er det nok ikkje så langt unna at halvparten av bilane me sel er utstyrte med trekk på alle fire hjula. Det kjem sjølvsagt an på modellspekteret dei forskjellige bilmerka har. Både Volvo og Mazda har modellar med firehjulstrekk som sel svært godt, forklarer Moen.
– Treng me firehjulstrekk i Vest-Telemark?
– Mange vil kanskje svare nei til det, men eg trur det i stor grad handlar om at bilførarane vil føle seg så trygge som råd. Har du bil som dreg på alle fire kjem du fram nesten over alt, og du slepp å lure på om du kjem i gang att dersom du må stoppe i ein av dei mange bratte bakkane i fylket vårt. Det handlar nok i stor grad om at bilførarane vil sleppe å bekymre seg for om dei kjem fram eller ikkje på dårleg føre, avsluttar Terje Moen.