Fleirtalet i Nissedal formannskap har godkjent at Vik i Nordbygda blir eiga driftseining igjen, i tråd med ynsket til eigar Olav Inge Nordbø i Fyresdal.
Fleirtalet i Nissedal formannskap har godkjent at Vik i Nordbygda blir eiga driftseining igjen, i tråd med ynsket til eigar Olav Inge Nordbø i Fyresdal.

Fleirtal for å dele driftseining

I Nissedal formannskap sytte KrF og Ap for at fyresdølen Olav Inge Nordbø får dele ei driftseining i to. Nordbø skal behalde den eine eigedomen.

Mot røystene til Høgre og Sp har posisjonspolitikarane i Nissedal formannskap godkjent søknaden frå Olav Inge Nordbø om å dele driftseininga Vik 7/1 og Tveitane 14/1 i to. Ein gjev også samtykke til at den 13,3 dekar store teigen Myrane blir delt frå Vik på vilkår at den blir overført til Vik camping.

KrF og Ap grunngjev delinga med at dette på best måte legg til rette for framtidig busetting på begge bruka, noko som er eit overordna mål for kommunen. Når Vik skal seljast for seg, slepp ny eigar å få byrda ved å vedlikehalde bygningsmasse på eit tun nummer 2 (Tveitane) han ikkje har bruk for. Med vedtaket legg ein til rette for at Tveitane-tunet på sikt igjen kan bli eigen buplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje i samsvar med jordlova

Nordbø hadde frist til 31. januar 2017 med å busette seg på driftseininga for å oppfylle lovbestemt buplikt eller å overdra eigedomane.

«Det er årsaka til at han søkjer om deling i den tru at det ikkje vil vere buplikt på Tveitane aleine. Det er avhengig av at tilstanden til våningshuset på Tveitane er så dårleg at eigedomen skal reknast som ubygd sidan eigedomen har meir enn 500 dekar produktivt skogareal. Bygningane på Tveitane har liten verdi, og det er ikkje usannsynleg at det kan vere rett å rekne denne eigedomen som ubygd ut frå reglane om buplikt», skriv sakshandsamar Peter Rieber-Mohn.

Han minner om at jordlova har til formål å ta vare på og styrke arealressursane og driftseiningane i landbruket, slik at dei kan gje grunnlag for busetting og lønsam drift.

«Vik og Tveitane til saman har ikkje særleg store produktive areal. Å dele dei på to driftseiningar vil ikkje vere i samsvar med jordlova. Det er også ønskeleg at dei uproduktive utmarksareala, som mellom anna gjev jaktrett, høyrer til og styrker driftseininga», skriv Rieber-Mohn.

Han konkluderer med at rådmannens tilråding må vere å avslå søknaden om deling, fordi dette ikkje vil gje tenleg bruksstruktur. Men ein kan gje samtykke til at den 13,3 dekar store teigen Myrane blir delt frå Vik på vilkår at den blir overført til Vik camping.

Høgre og Sp gjekk for tilrådinga til rådmannen.

Utvikle vidare

I søknaden skriv Nordbø at om driftseininga blir delt i to, vil han selje Vik. Han vil behalde Tveitane, og utvikle denne vidare i samarbeid med naboeigedomen.

Heile driftseininga i dag er på 6293 dekar, og 4749 av dei høyrer til Tveitane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vik ligg i Nordbygda, og har våningshus, driftsbygning, reiskapshus, bur, eldhus, to campinghytter og garasje. Dette har vore driftssenteret på driftseininga dei to siste generasjonane. Til Vik høyrer det fire festetomter, og vidare har Nordbø ei ubygd hyttetomt. Alle tomtene ligg i byggjeområde for hytter på Sundsodden, ikkje langt unna der Fjoneferja går.

Køyreavstanden mellom gardstuna på Vik og Tveitane er 7,5 kilometer. På Tveitane er det våningshus og driftsbygning, og det høyrer 18 festetomter til eigedomen. Dei ligg i byggjeområde for hytter ved Buvatn på Kyrkjebygdheia.

I søknaden til kommunen om å dele driftseininga skriv Nordbø at det kan vere aktuelt å skilje ut hytteområda som eiga eining.

Mor til søkjar kom frå Tveitane og far frå Vik. Foreldra budde på Vik og dreiv eigedomane som éi driftseining.