Fleirtal vil slutte å røykje

(NPK): Så mange som 72 prosent av dei som røykjer ønskjer å slutte, og halvparten ønskjer å slutte innan eit halvt år, viser ei ny gransking.

Granskinga blant 1.500 røykjarar og eks-røykjarar viser også at eit stort fleirtal på 76 prosent av dei som røykjer har prøvd å slutte ein eller annan gong. Dei fleste som vil slutte, ønskjer å slutte utan hjelpemiddel. Undersøkinga viser også at tre av fire som røykjer har tillit til at dei kan lære noko om røykjeslutt av andre som har slutta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årets røykesluttkampanje «Din røykjeslutt» frå Helsedirektoratet er utarbeidd i samarbeid med røykjarar og tidlegare røykjarar, og ekte historier er verkemiddel som blir brukt både på fjernsyn og Facebook.

Facebook-sida er ein møteplass for alle som vil slutte å røykje, og tanken er at ein her skal få motivasjon, tips og støtte i slutteprosessen av andre røykjarar og eksrøykjarar.

– Sosial støtte og oppmuntring er viktig for mange som er i ein slutteprosess, og her kan facebooksida bidra. Allereie no ser vi høg aktivitet og stort engasjement på sida, noko som tyder på at mange har sett pris på eitt nytt tilbod på nett, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.