Flinkast i landet på hjarte- og lungeredning
Nye tal viser at innbyggjarane i Telemark er best i landet til å starte med hjarte- og lungeredning før ambulansen kjem. Leiar for ambulansetenesta ved Sykehuset Telemark, Knut Inge Brekka Skoland meiner noko av grunnen er at dei tilsette ved AMK er dyktige til å rettleie personar som ringer 113. Han fortel også at mange bedrifter i fylket er flinke til å arrangere kurs for dei tilsette.
Til trass for at Telemark er eit fylke med store avstandar, kjem også ambulansetenesta i fylket vårt på tredjeplass i vellukka gjenoppliving etter hjartestans.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er dei dyktige tilsette i ambulansetenesta og ved AMK kombinert med kunnskap blant folk som fører til at mange overlever brå hjartestans i Telemark, seier Skoland.