Tomine Haugholmen har gått fem kilometer og er på veg mot mål.
Tomine Haugholmen har gått fem kilometer og er på veg mot mål.

Flotte løyper - brukbart med folk

Den sjuande utgåva av Vrålilåmi gjekk av stabelen sundag. Turløypa gav skiløparane høve til å velje mellom kort eller lang løype i fine omgjevnadar.

For dei som ikkje var alt for avhengige av å sjå dei norske utøvarane ta OL-medaljar i fleng, var sundagens turløype med start og mål i Vråliosen ei kjærkomen avveksling. Dei som gjekk kunne velje mellom ei sløyfe på fem kilometer, eller den lengste løypa på femten kilometer. Løypa går i vekslande terreng med både flater, oppoverbakkar og nokre utforkøyringar før ein til slutt kjem i mål der ein starta – ved grendehuset i Vråliosen. Arrangøren hadde lagt ned mykje arbeid for å få løypene i god stand. Mykje snø har gjeve fleire utfordringar.

Sjuande gongen

– Det er sjuande gongen me arrangerer låmi. Fyrste gongen var i 2011. Det har vel vore eit par avlysingar på grunn av snømangel, seier Per Wraa, styremedlem i Vråliosen grendehus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Vråliosen grendehus som er arrangør, og dei som ynskjer kan registrere seg anten før eller etter at dei har gått løypa. Det er også basar og sal av mat og det som høyrer til.

– I år var det 75 som registrerte seg, seier Tor Helge Midtbø, også han styremedlem i Vråliosen grendehus.

– Det viktigaste er at folk har det triveleg og kosar seg, seier styreleiar Dag Arild Bergland.

Kristine Solvang Rinden gjekk også sløyfa på fem kilometer.
Kristine Solvang Rinden gjekk også sløyfa på fem kilometer.
Vråliosen grendelag står som arrangør av Vrålilåmi. Styreleiar Dag Arild Bergland med sonen Mikkel Herregården Bergland på fanget og styremedlemene Per Wraa og Tor Helge Midtbø var godt fornøgde med årets arrangement.

Gullbjørg og Andreas Haugholmen tek seg ei lita pause.
Gullbjørg og Andreas Haugholmen tek seg ei lita pause.