Flygande farkostar i Fyresdal
Både propellfly og jetfly viste seg på himmelkvelven sundag då det var treff på flyplassen i Fyresdal for dei som har interesse for modellfly.
Hausten 2013 blei Vest-Telen modellflyklubb stifta. Fleire med interesse for modellfly og andre flygande farkostar samla seg i Høydalsmo, og klubben vart ein realitet.
– Det var mange som var skikkeleg gira på å få dette til, og me har vel vore rundt 25 medlemer sidan starten, fortel leiar Vegard Nordlien frå Kviteseid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kyter av kommunen
I 2014 arrangerte klubben sitt fyrste arrangement på den nedlagte flyplassen i Fyresdal. Medlemer frå området formidla ynsket frå klubben om ein stad å drive med aktivitetane, og Fyresdal kommune ynskte aktivitet på flyplassen.
– Kommunen har vore eineståande, og det er grunn til å trekkje fram næringssjef Edvard Nesland som til dei grader har lagt til rette for oss, seier Nordlien.
– Det er godt å ha slike medspelarar, samtykker trioen Sten Vidar Due, Kjetil Hylland Olsnes og Tor Eivind Hommo.
Alle tre er i styret i modellflyklubben. Due er kasserar, Olsnes nestleiar og Hommo er styremedlem.
Flotte lokale
I fjor blei tårnet på flyplassen pussa opp, og no fungerer det som kiosk med kontor og dusj. På plass har dei også ei datamaskin med ein flysimulator som dei bad bladfyken om å prøve. Det gjekk etter måten bra, heilt til «flyet» skulle ned på bakken att. Ned kom det, men ikkje slik det var tenkt …
– Simulator er ein viktig arena for å trene. Før var det vanleg at ein som kunne styre radiostyrte fly letta og landa for deg, medan du sjølv fekk styre når flyet var i lufta, forklarer Nordlien.
– Og ein treng å trene på simulator med jamne mellomrom slik at ein ikkje blir rusten. Somme har fly som kostar ganske mange tusenlappar, så det er om å gjere å vite kva ein driv med, seier Due og Olsnes.
– Kva kostar eit fly?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det kan vere alt frå eit par tusen til så mange tusenlappar du berre vil. Men det må du helst ikkje skrive for då kan me få ubehagelege spørsmål heimanfrå, skrattar Due.
Dei rimelegaste modellane er ofte laga av isopor og har elektrisk motor. Medan dei dyraste modellane har turbinmotor og er eit jetfly i miniatyr.
– Er det slik at de har flyskrekk sidan de helst står på bakken og styrer flyet?
– He,he, det skulle ein kanskje tru, men eg kjenner ikkje til at nokon av oss har det i alle fall, ler Olsnes.
– Beste plassen i Noreg
Sundag var entusiastar med alt frå dronar til skikkelege jetfly på plass i Fyresdal. Sjølv om dei fleste var frå Vest-Telemark var det også eit nokre karar frå Oslo og Nittedal på plass.
– Fyresdal er utan tvil den beste plassen i Noreg for oss som driv med denne hobbyen, seier Lars Henrik Kjølberg frå Nittedal.
Han kyter av både arenaen og folket i Fyresdal.
– Det er hyggelege folk i bygda, og ein møter berre velvilje og positivt innstilte folk på flyplassen også. Eg har vore her fleire gonger og kjem heilt sikkert tilbake, smiler han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjølberg har med seg eit par fly med turbinmotorar, og begge får prøve seg i lufta i Fyresdal.
– Kva er prisen på eit slikt fly?
– Kjøper du nytt vil det liggje på om lag 80 000 kroner, men kjøper du bruka kan du få noko tilsvarande for om lag halvparten, svarar han.
Thomas Smordalen frå Oslo har også vore i Fyresdal fleire gonger. Han er over gjennomsnittet interessert i fly, slik dei fleste som driv med modellfly er.
– Eg brukar mykje av tida mi i lufta, bokstaveleg tala. Det blir mykje reising i samband med jobben, og eg har småflysertifikat og flyg litt sjølv. I tillegg er det altså denne hobbyen då, seier han.