Økonomisjef Inge M. Bakkebø la fram administrasjonen sitt framlegg for å spare inn dei 8,4 millionane Kviteseid kommune manglar på å gå i balanse. Politikarane er ikkje med på endring i skulestrukturen.
Økonomisjef Inge M. Bakkebø la fram administrasjonen sitt framlegg for å spare inn dei 8,4 millionane Kviteseid kommune manglar på å gå i balanse. Politikarane er ikkje med på endring i skulestrukturen.

Flyktningar kan redde skulane

Den er ein samstemt politisk vilje om å redde skulane i Brunkeberg og Fjågesund. Nå kan det bli aktuelt å ta inn to nye flyktningfamiliar for å auke inntektene til kommunen.

Formannskapet i Kviteseid går langt i å frede skulane i Brunkeberg og Fjågesund. På tysdagens møte blei det lagt fram to ulike kuttforslag frå administrasjonen. Dei såg ingen andre alternativ enn strukturendringar i skulesektoren. Det fyrste alternativet er å leggje ned båe skulane, noko medlemmene i formannskapet såg på som uaktuelt. Kommunen kan spare 3,6 millionar på eit heilt år ved å leggje ned skulane. Alternativ to er å flytte 5., 6., og 7. klassene i Brunkeberg og Fjågesund til Kviteseid. Her er innsparinga 1,75 millionar på eit heilt år.

I etterkant av formannskapsmøtet har det vore foreldremøte på Brunkeberg skule, der eit tredje alternativ blei tatt opp. Det er å flytte 5.-7. klasse på Brunkeberg til Kviteseid skule og flytte barnehagane i Morgedal og Brunkeberg til skulen i Brunkeberg for å skape eit oppvekstsenter. Dette alternativet rører ikkje ved skulen i Fjågesund, men sparar likevel kommunen for 1,6 millionar på eit heilt år og noko under det halve på neste års budsjett på dette alternativet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bortimot freda

– I utgangspunktet er skulane bortimot freda. Det er ikkje sagt noko anna og me kjem til å strekkje oss så langt som mogleg for å behalde skulane. Dei er vesentlege for busetnaden i kommunen og me vil sjå på andre moglegheiter for å spare pengar, seier Kviteseid-ordførar Torstein Tveito (Sp).

– Nedlegging av skulane sit langt inne. Eg trur ikkje det blir noko av det, uttaler Vidar Skarprud (Sp).

Om politikarane vedtek å frede skulane må administrasjonen finne andre måtar å spare pengar på. Blir det andre alternativet frå administrasjonen vedteke, minus endring i skulane, manglar det 1,4 millionar kroner for å få budsjettet i balanse. Fram til formannskapsmøtet komande onsdag skal administrasjonen rekne på ein del punkt for å finne alternative innsparingsmetodar. Varaordførar Jonn Foldøy (KrF) lufta tanken om å ta inn to nye flyktningfamiliar til kommunen. Målet er at desse skal busette seg fast i kommunen. Det var semje blant medlemmene i formannskapet om å sjå nærare på alternativet og administrasjonen skal bruke dei komande dagane på å rekne ut om dette, og andre alternativ, løner seg.

– Det er eit av strekpunkta som kan tilføre oss mykje midlar. Det vil også auke folketalet noko som vil gje auka rammetilskot. Det kan vere at Utlendingsdirektoratet (UDI) kjem til å presse kommunane til å ta imot fleire flyktningar og då er det bra om me kan gjere dette frivillig, seier Jonn Foldøy.

– Men det er klart mykje av pengane går ut att, så netto er det vanskeleg å seie om det er det mest innbringande strekpunktet, legg han til.

– Det kan vere pengar å hente ved å hente inn flyktningfamiliar. Men kva det vil gje netto er umogleg å svare på nå. Kommunane er plikta å tilby ei pakke for eventuelle nye flyktningar, seier ordførar Tveito.

– Gode erfaringar

– Det som er viktig om me tek imot nye flyktningar er å integrere dei best mogleg og få dei i arbeid, og me har gode erfaringar frå dei familiane me har buande her nå, seier Vidar Skarprud.

– Men det kan vera at vinninga går opp i spinninga med programmet kommunane er pålagde, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skarprud trur det kan gje dobbel effekt å ta inn nye familiar, ved at innbyggjartalet, skular og liknande blir styrka, samtidig som kommunen får tilskot frå staten.

UDI opplyser at eit vanleg integreringstilskot er på 376.000 kroner per flyktning over fem år. Det betyr at ein kommune kan få opp mot fire millionar i statlege tilskot om dei tek imot to familiar med fem personar i kvar. Men kommunane pliktar også å gje flyktningane eit organisert tilbod med norskopplæring og arbeidspraksis.

Kviteseid kommune har i dag rundt 20 fastbuande flyktningar.

– For enkelt

Kviteseid politikarane meiner det er feil å seie at flyktning-alternativet kan redde skulane i Brunkeberg og Fjågesund.

– Det blir altfor enkelt å sette dei opp mot kvarandre. Eg vil ikkje ha motpolar. Dette er eitt av fleire alternativ administrasjonen skal sjå på, seier Tveito.

– Dette er eit generelt forslag for å få til eit budsjett og ikkje for å redde skulane, forklarar Foldøy.

Gunnar Ruud (H) understrekar at alternativet er eit av 10-15 punkt administrasjonen no skal sjå nærare på om er lønsamt. Av dei andre alternativa dei skal sjå på er strukturendringar på KOS, heimesjukepleia og Lundejordet for å sjå om det er pengar å hente. I tillegg skal dei mellom anna sjå om det løner seg å kutte i vedlikehald, auke vassavgifta og eigendel, kutte vikarbruk, sal av eigedomar og tenester og dei generelle kommunale avgiftene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur me må redusere fleire stillingar. Me må kutte i jobbar som rammar innbyggjarane minst mogleg og utnytte ressursane betre, meiner Vidar Skarprud.

– Det blir ein hestekur nokre år. Dei komande par åra blir ekstra harde, men så blir det betre, meiner Gunnar Ruud.

Kutt i det meste

Laurdag fekk Kviteseid kommune ei kjærkomen gåve etter budsjettforliket mellom regjeringa og Ap. Dette gjev 1,1 million kroner ekstra på neste års budsjett, men kommunen må spare inn 8,4 millionar for å få eit budsjett som går i null. Med unntak av den føreslegne innsparinga i skulesektoren kom det ikkje store motførestillingar mot innsparingsforslaga frå administrasjonen i formannskapsmøtet tysdag.

Går forslaget gjennom er det slutt for barnehagen på Flatin. Kommunen ser også for seg at auka foreldrebetaling og auke i statstilskotet til barnehagane kan betre økonomien med ein halv million kroner.

Heimehjelpa blir redusert med 2,5 årsverk, noko som vil gje eit redusert tilbod for 40 brukarar. Det er også forslag om å kutte 5,7 årsverk innan merkantilt (administrasjon) og drift. Desse to tiltaka gjev meir enn ein million i innsparing.

Kviteseid kommune vil ha lengre betalingstid på lån. Ved å forlenge betalingstida til 2032 sparar kommunen 1,9 millionar kroner på eit heilt år.

Det er også føreslege å kutte tilskota til idrett og kultur, noko politikarane gav uttrykk for at er lite aktuelt.

– Det er ingen gode nyhende i vente. Me må ned på eit driftsnivå som ligg nokre millionar lågare enn i 2003, seier økonomisjef Inge M. Bakkebø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sparingsforslaget for 2004-budsjettet

Administrasjonens andre alternativ

Auka rammetiskot 1.142.400

Flytte 5.-7. klasse Brunkeberg 600.000

Flytte 5.-7. klasse Fjågesund 200.000

Auka foreldrebetaling i barnehage 440.000

Stenge barnehage 3 veker juli 100.000

Redusere barnehagetilbod Flatin 100.000

Heimehjelp reduksjon 2,5 årsverk 300.000

Artikkelen held fram under annonsen.

Merkantilt og drift 5,7 årsverk 875.000

KOS (stilling og sjukepengar) 600.000

Auka husleige 20.000

Redusert til formannskapets disp. 600.000

Forsikringar (auka eigendel) 100.000

Privatisering vegar 20.000

Kutte tilskot til idrett 70.000

Kutte tilskot til kultur 150.000

Artikkelen held fram under annonsen.

Kutte tilskot til bokbussen 15.000

Redusere kjøp av bøker 24.000

Redusere inventar og utstyr bibliotek 15.000

Redusere driftskost leiing SSU 45.000

Ekstra hogst Vatnelian (1000 kubikkmeter) 100.000

Korrigering avsetning lønsavtale 340.000

Utmelding LVK 12.000

Vektla planmessig avdrag lån 1.900.000

Auke med 2 plassar KOS 151.200

Sum innsparingar 7.919.600