Flyktningar skal få gå på skule med jamaldringar
TOKKE: Formannskapet vedtok samrøystes å gå inn i eit samarbeid med fylkeskommunen om kombinasjonsklassar for flyktningar på Vest-Telemark vidaregåande skule.
– Målet med ei kombinasjonsklasse er å sikre at minoritetsspråklege studentar klarer å bestå vidaregåande opplæring, som gjer dei rusta for vidare utdanning eller å kunne gå ut som lærling for så å ta fagbrev, skriv rådmannen.
Gjennom introduksjonsklassa får studentane høve til å hospitere i klasser på vidaregåande. På den måten får dei kontakt med andre elevar, kjennskap til ulike yrke og ikkje minst kunnskap om fagspråk i det aktuelle yrket. Målet er at dei yngste elevane får høve til å gå på skule saman med andre på eigen alder.
Artikkelen held fram under annonsen.
Thor Arne Heggtveit (Sp) var nøgd med å få til samarbeidet.
– Det er positivt for både Tokke og den vidaregåande skulen. Og at me kan tilby dette til andre kommunar i Vest-Telemark, sa han.