Gunnhild Wik rista på hovudet og reiste straks etter at klaga blei avvist.
Gunnhild Wik rista på hovudet og reiste straks etter at klaga blei avvist.

Flyttar etter nei til skulebyte

Nissedal kommunestyre let Fylkesmannen avgjere om Gunnhild Wik på Fjone får ja til at dottera heller får starte på skule i Treungen. Wik flytter om det blir eit endeleg nei.

Torsdag handsama Nissedal kommunestyre ei klage frå åleineforsørgjar Gunnhild Wik på eit politisk vedtak om at dottera hennar ikkje får gå på skulen i Treungen i staden for Fjone. Wik ynskjer at dottera får gå i Treungen, der det er skulefritidsordning.

Etter å ha fylgd den politiske debatten om saka i førre kommunestyremøte, konkluderte Wik med at det hadde vore ein rein grendeskuledebatt og ikkje ei individuell vurdering av søknaden om skulebyte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje omkamp

Rådmannen tilrådde å avslå klaga, sidan han ikkje såg vesentleg nye moment i saka.

Ordførar Anne-Nora Oma Dahle (Sp) presiserte innleiingsvis i torsdagens møte at det denne gongen ikkje er snakk om ei reprise eller omkamp i saka.

– I dag skal me vurdere om det er gjort sakshandsamingsfeil, eller om det er kome nye moment i saka, gjorde ho merksam på.

Ikkje alle parti hadde fått høve til å drøfte klagesaka på førehand, og derfor gav ordføraren i innleiingsfasen grønt lys for gruppemøte.

Johanne Vejrup (Ap) var tidleg ute med å annonsere at heile partiet kom til å stø rådmannens tilråding frå førre møte om å seie ja til skulebyte.

– Politikarane må respektere retten innbyggjarane har til å gjere personlege val når

lovverket tillet det. Ein må leggje til rette slik at også barnefamiliar kan busette seg spreidt i heile kommunen, og at dei sjølve kan finne løysingar på å sy kvardagen saman med arbeid, barnehage og skule - på eigne premisser og innafor rammene dei folkevalde har lagt. Denne konkrete saka bør lære politikarane at valet me har teke om barneskule på Fjone og Felle, utan barnehage og tilbod om skulefritidsordning same staden, ikkje nødvendigvis er eit fullverdig tilbod til utearbeidande foreldre, sa Vejrup.

Såg nye moment

– Det var eit godt innlegg, men det høyrde heime førre gong me hadde saka, repliserte Øyvind Tveit (KrF).

Artikkelen held fram under annonsen.

Han tilhøyrde då mindretalet som ville gå inn for søknaden om skulebyte. I klagesaka var han oppteken av å vere ryddig om kva ein eigentleg skulle røyste over denne gongen.

– Eg finn ingen nye moment i saka. Derfor må eg røyste for tilrådinga til rådmannen, konkluderte Tveit.

Partifelle Astrid Eidem Nordal var ikkje samd. Ho gjekk imot søknaden om skulebyte førre gong, men gjorde no kuvending.

– Eg synest det har kome nye moment i saka. Wik jobbar med fråflytting. Vidare ynskjer eg ikkje å oppretthalde tvang. Eg går inn for å ta klaga til fylgje, sa ho.

På vegne av eige parti beklaga Kari-Anne Nordbø (Sp) at det ikkje er skulefritidsordning på Fjone. Elles kunne partiet ikkje sjå at det var nye moment i skulesaka og at det heller ikkje var gjort sakshandsamingsfeil. Derfor ville Senterpartiet stø tilrådinga frå rådmannen.

– Det bør arbeidast for at Fjone får skulefritidsordning i form av eit oppvekstsenter. Me har programfesta at dei grendene som har behov for ei slik ordning, skal ha det, utdjupar Nordbø til VTB.

Ved avrøystinga gjekk dei fire representantane frå Ap, Halvor Homme, Jan Torfinn Solberg, Johanne Vejrup og Asbjørn Tveiten, og KrF-representantane Astrid Eidem Nordal og Solbjørg Walseth inn for å gje klaga medhald. Dermed går saka til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

– Blir det eit endeleg nei, flyttar eg til Treungen. Eg har alt ein leilegheit på hand, seier Wik til VTB.