Flytter ikkje elevar til Brunkeberg
Økonomi og vanskar med skyss stoppa politikarane frå å sende tre elevar i 2. klasse frå Kviteseid skule til Brunkeberg.
Andreklasse på Kviteseid skule har i dag bare tre elevar. Rektor ved Kviteseid skule og dei føresette ynskte å sende elevane opp til Brunkeberg oppvekstsenter, der det er ytterlegare åtte i same årstrinn. I Hovudutvalet for helse og oppvekst gjekk politikarane inn for at ein flytte elevane med knapt fleirtal, men formannskapet snudde og sa nei. Den endelege avgjersla låg i kommunestyret torsdag.
– I dag skal me prøve å få til ei best mogeleg løysing for ei klasse med få elevar, men det er ei stor utfordring, opna ordførar Torstein Tveito med.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dyrare skyss
På kommunestyret kom det fram fleire nye opplysningar i saka. Opphavleg var prisoverslaget på skyss rekna til 15 000 kroner då saka blei behandla i utvala, men nye overslag viser at ein må rekne med ein kostnad på 61 000 kroner.
– Det kostar 400 kroner kvar dag tur retur, og det er 152 skuledagar, informerte kommunalsjef Ellen Marie Prag.
Ingen av skysstilboda som går til skulane i dag samsvarer med det dei tre skuleelevane eventuelt treng, og ein må då nytte taxi. Men ein manglar også kapasitet i drosjenæringa, informerte administrasjonen.
Det kostar 400 kroner kvar dag tur retur, og det er 152 skuledagar, informerte kommunalsjef Ellen Marie Prag
Kva konsekvensane ville bli dersom nokon flytte til Kviteseid med barn på same klassetrinn var også eit av spørsmåla.
– Dette er vanskeleg å bestemme. Det beste for barna er kanskje å få koma til Brunkeberg, men kva blir budsjettkonsekvensen da? Kvar skal desse pengane kome frå. Eg har lyst til å stemme ja, men … sa Tove Anette Gjølberg (Sp).
– Rådmannen har ikkje desse pengane liggande, svara rådmann Tveit politikarane.
Samråd
Etter eit ordskifte som gav utrykk for uro både for om dette ville skape presedens framover og om kostnadane kunne bli større enn 60 000, gjekk partia til gruppemøte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Til avstemming la leiar for Hovudutvalet for helse og omsorg, Halvor Nyland (H), nok ein gong fram forslaget om å gje løyve til å flytte elevane til Brunkeberg opp mot rådmannens tilråding om å seie nei.
Etter nokre rundar for å få til rett avstemming blei det likevel eit klart fleirtal for å behalde andreklassingane på Kviteseid skule.
– Vanskane med å vita kva det eigentleg kosta og vanskane med å finne transportør gjorde til at me fann ut at det var det beste for elevane, seier Tveito (Sp).