Nissedalordførar Halvor Homme er tremenning til Marte Fjalestad Homme, ein av mange nissedølar født i år. Ordføraren gler seg også over at folketalet aukar og aukar.
Nissedalordførar Halvor Homme er tremenning til Marte Fjalestad Homme, ein av mange nissedølar født i år. Ordføraren gler seg også over at folketalet aukar og aukar.

Fødselstalet til himmels

Så mange som 25 nyfødde nissedølar på eitt år har ikkje kommunen opplevd på meir enn 20 år. Snart kan Nissedal ha over 1 500 innbyggjarar, slik som i 1970.

Tal i Nissedal viser at det i løpet av 2016 har kome 25 nye nissedølar til verda. Eit så høgt tal har kommunen ikkje hatt sidan 1993, då det blei født 26 babyar.

Nissedalordførar Halvor Homme er eit stort smil når han fortel om årets store fødselskull. Og kulla har hatt bra storleik også dei seinare åra. Ordføraren synest det til dømes er gledeleg å sjå utviklinga på Felle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der har det verkeleg vore babyboom dei siste åra. Det bidreg til nyetablering og nybygging på Felle, og gjev godt grunnlag for å drive barnehagen og skulefritidsordninga der, seier Homme.

God demografi

Med høge fødselstal seier han kommunen er heldig fordi ein får god demografisk utvikling – det blir mange unge i bygda. Det meiner han er utruleg viktig for framtida i Nissedal.

– Kvifor er det så store fødselstal i Nissedal dei seinare åra?

– Kommunen har hatt mykje tilflytting av par og folk i etableringsfasen. Utflytta nissedølar vil heim att, svarar ordføraren.

– Det er ei veldig påskjønning til Nissedal kommune at folk ynskjer at barn skal vekse opp der dei sjølve har gjort det. Det blir viktig å ha barnehage og skule på stell i framtida. Og eg er glad for satsinga me har på kultur – gode tilbod og fleirbrukshuset som er bygd. Det er veldig viktig, held han fram.

Flyktningar

I 2007 hadde Nissedal eit svært lågt folketal, bare 1 375 innbyggjarar. Så byrja det å gå rette vegen. Frå 1. juli i fjor og eitt år fram fekk kommunen 26 fleire innbyggjarar, og folketalet etter fyrste halvår 2016 kom opp i 1 463.

– Årsakene til auken me opplever er store fødselstal og tilflytting. Me har byrja å ta imot flyktningar, og det syner seg gong på gong at mange vil bu i Nissedal. Me likar å tru at me er ein attraktiv bustadkommune, seier ordføraren.

Han peikar på at fiberutbygging i store delar av kommunen også er viktig for busetjinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Innan infrastruktur er veg viktig, men det er minst like viktig å ha god teknologisk infrastruktur. Det gjer at ein kan jobbe heimafrå, seier Homme.

Rundar 1 500

Ordføraren trur den positive utviklinga i folketalet vil halde fram.

– Eg er verdas største optimist på Nissedal kommune si vegne. Nissedal ligg strategisk plassert med relativt korte avstandar til store sentre. Og kommunen har eit godt utvikla næringsliv – det er ein viktig faktor.

– Når rundar kommunen 1 500 innbyggjarar?

– Nissedal er heilt klart ein av folketalsvinnarane i Telemark. Me skal vere godt over 1 500 innbyggjarar når denne valperioden er over, svarar Homme.