Stein Olav Lie (t.h.), og Knut og Olav Urbø fekk pengegaloppen i gang på Åmdals Verk. Det redda nærbutikken. Dagleg leiar Åse Wrålid (t.v.) og Åse Solli, med lang fartstid i butikken, skal drive han vidare med bygdefolket som eigarar.
Stein Olav Lie (t.h.), og Knut og Olav Urbø fekk pengegaloppen i gang på Åmdals Verk. Det redda nærbutikken. Dagleg leiar Åse Wrålid (t.v.) og Åse Solli, med lang fartstid i butikken, skal drive han vidare med bygdefolket som eigarar.

«Folk stod alltid saman og dela alt»

Orda er henta frå Åmdals Verk-songen, og må passe perfekt også i desse dagar. Heile bygda har kjøpt aksjar i nærbutikken på Verket. Dermed gjekk tilbodet likevel ikkje ut på dato.

Seltveitfamilien har sytt for at det har vore butikk på Åmdals Verk sidan 1972. På ettervinteren i år kom valet om å leggje ned drifta. Det blei annonsert etter folk som kunne overta, utan resultat. Dermed såg det ut som at nærbutikken ebba ut 1. september.

Då sette brørne Knut og Olav Urbø og Stein Olav Lie seg ned for å sjå nærare på rekneskapstala for butikken og moglegheitene for vidare drift.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det som gjorde at me fann det interessant å undersøkje litt, var at butikkdrifta har gått rundt, fortel trioen.

Ekstra ansvar

Nokre få dagar før det gjekk mot stenging av butikken, innkalla dei til folkemøte i bygda.

– Det kom 50 personar. Me blei veldig overraska over at så mange dukka opp. Frammøtet gav oss endå meir blod på tann over at bygda var gira på å ha butikken, seier initiativtakarane.

Næringssjefen i Tokke møtte også. Etter ein prat var alle einige om å stå på for nærbutikken. Innbyggjarane slo til på tilbodet om å kjøpe andelar, kvar på 5.000 kroner, som skulle gå til aksje- og startkapital i ein butikk alle skulle eige.

Initiativtrioen håpa på å få inn ein kvart million kroner på møtet. Då det var tid for å kvelde, var det teikna aksjar for 280.000 kroner. Nå har summen stige til over 300.000. Dermed er det grunnlag for å berge butikken, kunne innbyggjarane slå fast i glede.

– Argumentet for at innbyggjarane skal eige butikken er at dei skal føle eit ekstra ansvar for å bruke han, kjem det frå trioen.

Mange innom

Det blei ein diskusjon på kammerset om kven som skulle ha det daglege ansvaret for butikken. To personar har tatt på seg oppgåva, i tillegg er to andre klare i bakhand. Drifta sysselset 1,5 årsverk.

Butikken har bare vore stengt ein dag etter at alle dei nye eigarane overtok. Laurdag var det meste av varene på plass i hyllene, på same tid som Åmdals Verk daglegvare AS blei offisielt opna. Butikken høyrer til Nærmat-kjeden og har fått behalde tippinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk ser ut til å slutte opp om satsinga, erfarer Stein Olav Lie alt. Bare interessa laurdag viser at butikktilbodet ikkje har gått ut på dato. Nå håpar initiativtakarane at også folk i nabobygdene vil stø opp om butikken. Vidare har dei fått positiv tilbakemelding om at kommunen både vil gje eit tilskot til etableringa, og ta eit initiativ for at det blir skilta betre.

Pensjonistane strålar

– Butikken betyr mykje for bygda og er det einaste samlingspunktet som er att her, seier Olav Urbø.

– Og butikken er viktig med tanke på både nye innbyggjarar og skulen, skyt Lie inn.

– Og i forhold til pensjonistane, held Urbø fram.

– Nærbutikken betyr alt i bygda. Det er her me møtest, drikk kaffi og kosar oss. Me er veldig glade for at det blei ei løysing for vidare drift, og har sjølve vore med og kjøpt aksjar, smiler ein gjeng pensjonistar rundt bordet inne i lokalet.

– Nå er det bare å halde oppe interessa for butikken også framover. Elles er me like langt, og det blir bare å utsetje eit problem, avsluttar to brør Urbø og Lie, som blei æra med blomar og godord sist laurdag for ein stor innsats med å behalde butikken.