Folkemusikk på folkehøgskule
Ein lang dag med folkemusikk var ikkje nok for ti-åringane Karl Halvor Taraldlien og Knut Eikeland. Dei siste timane før rosignal bruka dei til å øve på fela.
25 unge folkemusikarar og ti lærarar har denne veka vore samla på Seljord folkehøgskule på folkemusikkveka; UngFolk.
Karl Halvor Taraldlien (10) frå Vinje og Knut Eikeland (10) frå Rauland har sett fram til denne veka sidan dei melde seg på i vår.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her er det kjempemoro. Me skal gje gode rapportar til klassekameratane, og kjem heilt sikkert att om det blir UngFolk neste år, garanterar Eikeland.
Mamma blir lei
Fem timar om dagen har dei individuell- og gruppe-undervisning. Knut Halvor dansar halling og Knut spelar fele på UngFolk. Men etter lærarkonserten tysdag fann dei båe fram fela for å øve litt ekstra.
I blant spelar eg frå morgon til kveld. Då hender det mamma blir lei, smiler unge Taraldlien.
Er folkemusikk kult?
Ja. Eg synest ikkje noko om hiphop og rock, seier Knut Halvor, som er full av lovord om lærarane på UngFolk.
Sigbjørn er utruleg flink til å lære bort, kyter Taraldlien om Sigbjørn Rua.
Behov for møtestad
Dei fleste deltakarane kjem frå Telemark. Men det er også barn og unge frå Bergen, Odda, Hemsedal, Østfold og Setesdal for å delta på kurs i hardingfele, kveding, hallingdans, seljefløyte og munnharpe. Telemark Folkemusikklag har skipa til folkemusikkveka i Seljord, i samarbeid med Folkemusikkarkivet i Telemark, Telemark musikkråd og Telemarkfestivalen. Kursleiar Tone Jorunn Tveito trur folkemusikkveke på folkehøgskulen kan bli ein tradisjon.
Unge folkemusikarar har behov for ein slik møtestad. Her skal dei ha det fritt og moro, meiner ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tveito er stolt av dei dyktige instruktørane som er med på UngFolk, og remsar opp; Sigbjørn Rua, Tom Løvli , Øystein Romtveit, Torunn Raftevold Rue, Per Anders Buen Garnås, Kari Lønnestad, Ragnhild Furholt, Jorunn Manheim Torjussen, Silje Hegg og Anders Røine.
Det er viktig at deltakarane ikkje bare skal sitje og mottaka, men vere aktive. Då blir folkemusikk ei heilt anna oppleving, forklarar Tveito.
Folkemusikkveka blei avslutta fredag. Og kvar dag har vore innhaldsrike dagar. Måndag var Sigurd Telnes guide i Kivledalen, der deltakarane oppsøkte traktene til kivlemøyane. Elles har det vore lærarkonsert, kanopadling til «danseøya» og lokking på sjøormen Selma.
Høgt under taket på lærarkonserten
Tysdag var det lærarane som skulle vise kva dei kunne på lærarkonserten under UngFolk.
Kursleiar Tone Jorunn Tveito opna konserten og sende stafettpinnen vidare til Øystein Romtveit som orsaka at han ikkje var i finstasen.
Eg plar ha bunad på slike tilstillingar. Men den har krympa i skåpet, skøya Romtveit.
Silje Hegg spela så ein springar etter Myllarguten på seljefløyte, før det blei både dans, langeleik og kveding. Det heile enda med at nesten alle frammøtte; deltakarar, publikum og lærarar, hamna utpå plattingen i ein stor hallingdans til spel frå Øystein Romtveit.
Det var kjempemoro at så mange blei med. Det hadde eg aldri trudd, smiler Tone Jorunn Tveito etter kurskonserten.