Folkeopera for fulle hus i fire dagar
Den folkemusikalske oppsetjinga av «Tryllefløyta» har gått for fulle hus på Den Norske Opera i Oslo fire dagar til ende. Aasmund Nordstoga fortel om eit vellukka prosjekt så langt. Nå ventar ein omfattande turné for dei involverte musikarane.
Me er slitne, men veldig glade, fortel ein blid Aasmund Nordstoga på telefon frå hovudstaden. Premierehelga og dei fire framsyningane som gjekk for fullsette salar på Den Norske Opera i Oslo, er no over. I morgon startar ein omfattande noregsturné for musikarane bak den folkelege oppsetjinga av Mozarts store verk «Tryllefløyta».
Det har vore lange dagar og øving utan stopp i to månader. Men med gjennomgåande gode kritikkar i fylkes- så vel som i riksdekkjande media, pustar utøvarane no letta ut etter ein hektisk, men svært spennande periode, før livet på turnébussen tek til.
Artikkelen held fram under annonsen.
God stemning
Det har vore eit stort press på utøvarane heilt sidan prosjektet vart kjend i vår, og musikarane har sjølvsagt vore spente på korleis det heile ville la seg gjennomføre. For dei aller fleste er engasjementet deira i operaen heilt ny, som skodespelar og musikar på ein gong. Sjølv seier Aasmund Nordstoga at den største utfordringa har vore tilbakemeldingane utanfrå og korleis vegen vidare ville bli med nærare femti framsyningar i Noreg og Sverige utover haust- og vårparten.
Me var sjølvsagt svært spente på korleis ei folkemusikalsk oppsetjing av «Tryllefløyta» ville bli mottatt i ulike miljø, seier Nordstoga om den grensesprengande operaen.
Men etter ståande applaus og trampeklapp fire dagar til ende, har dei høgreiste skuldrene senka seg litt, innrømmer han, og fortel at stemninga blant aktørane er svært god før turnéstart.
Stort og dristig prosjekt
«Tryllefløyta ein folkeopera» er det største og mest dristige prosjektet som er gjort innanfor folkemusikk i Norden nokon gong. «Tryllefløyta» gjev med dette høve til å vise fram det høge nivået som pregar dagens tradisjonsutøvarar i Sverige og Noreg. Musikk, dans og drama er smelta saman til ein stor og fargerik heilskap. Og fleire vesttelar bør nemnast som viktige medspelarar for den store suksessen.
Stein Versto frå Vinje har gjeve operaen den nynorske språkdrakta. Elles er både Odd og Aasmund Nordstoga imopnerande i rollene sine; den eine med dei musikalske prestasjonane sine, den andre som ein solid skodespelar.
Den unge, svenske folkemusikkvartetten «Harv» må også nemnast i dette, som sjølve har komponert og arrangert all musikken i den nærare tri timar lange folkeoperaen.
«Tryllefløyta»
Operaen «Tryllefløyta» vart skriven av Mozart på midten av 1700-talet og handlar om den unge dronningdottera Silja som blir røva bort og halden som fange av den mektige bergekongen Solsira. Mor til Silja, Månefruva, døyr nesten av sorg i saknet av dotter si. Som eit ljos i det mørke tilværet dukkar den unge prinsen Sveinung opp og forelskar seg umiddelbart i biletet av dronningdottera. Han legg i veg for å finne Silja og får med seg ei fløyte med magiske krefter, og ein følgjesvenn med namn Fuglefanten.
Sveinung og Fuglefanten vert stilt overfor fleire store prøver og vanskelege moralske oppgåver. Det endar med misforståingar, svik og kjærleiksdramatikk i borga til den mektige og vonde Solsira. Verna av tryllefløyta klarar til slutt Sveinung og Silja finaleprøva om å gje seg gjennom eld og vatn, og fylgjet til Månefruva og Solsira møtest til endeleg oppgjer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Samarbeid
Framsyninga «Tryllefløyta» markerer to jubileum; 100-årsmarkeringa for unionsoppløysinga mellom Noreg og Sverige i 2005 og Mozarts 250-års fødselsdag i 2006. Riksteatern i Sverige og Rikskonsertane i Noreg har halde i taumane. Leif Stinnerbom og Västanå teater står bak den kunstnariske prosessen, og den økonomiske stønaden kjem elles frå Svenska Institutet og Statens Kulturråd i Sverige og Noreg i 2005.