Folketalet aukar i Vest-Telemark
Den negative folketalsutvikla i Vest-Telemark snudde i 2008. Samla vart det tri fleire vesttelar i høve til året før. Nissedal og Vinje er dei store vinnarane med høvesvis 15 og 27 fleire innbyggjarar. Kviteseid fekk ein nedgang i folketalet på 17 i fjor.
Forskar Audun Thorstensen ved Telemarksforsking seier at folktalsutviklinga i Vest-Telemark vart betre enn venta for 2008. Dei endelege tala viser at det er 18 fleire personar enn prognosane Statistisk Sentralbyrå (SSB) la fram i desember i fjor.
Folketalsutviklinga i Vest-Telemark syner positive tendensar, men veksten er marginal. Tendensen er framleis negativ, og syner stagnasjon i høve utviklinga i meir urbane område av landet. Elles ser ein at distrikta på landsbasis har hatt ei betre folketalsutvikling dei seinare åra. Vest-Telemarkregionen har ikkje hatt denne positive auken i folketalet, fortel Thorstensen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når forskaren går bak tala ser han at det er innvandring som gjev fleire innbyggjarar i kommunane. Den innanlandske flyttebalansen er negativ også i 2008.
Thorstensen peiker også på at folketalsutviklinga i Telemark er låg med ein auke på berre 0,5 prosent. Han meiner det burde minst vore på landsmiddelet som i fjor vart 1,3 prosent. Det er berre fire fylke som har ei svakare utvikling i folketalet enn Telemark. Flest nye innbyggjarar i 2008 fekk Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland.
Vinje fekk 27 fleire innbyggjarar i fjor. Ordførar Arne Vinje seier tala er gledelege og inspirerande. Han meiner det er vanskeleg å peike på einskildområde for å forklare veksten, men peiker på at kommunen har gode tenestetilbod til innbyggjarane.
Dei seinare åra har me opplevd eit visst press på barnehagekapasiteten og det har vore mangel på bustadhus. Kan hende snur ei årelang trend, slik at folketalet aukar, seier Vinje-ordføraren.
Nissedal auka med 15 personar i fjor. Det er ein prosentvis auke på 1,1 prosent, og gjev kommunen 2. plass på statistikken etter Bø som har størst auke i folketalet av kommunane i Telemark.
Fyresdal hamna også på plussida med 4 fleire innbyggjarar.
Kviteseid mista 17 innbyggjarar i fjor, Seljord mista 5 og Tokke 3.