Folketalsauken i Vinje lyser opp
Ordførar Arne Vinje er strålande nøgd med at folketalet i Vinje kommune aukar kraftig. Ser ein Vest-Telemark under eitt er det framleis tilbakegang i folketalet. Spesielt råka er Tokke som miste 19 innbyggjarar berre i 1. kvartal i år.
Statistisk Sentralbyrå (SSB) sin statistikk over folketalet per 1. april 2009 syner at i høve til folketala per 1. januar 2009 er det berre Vinje som har vekst med 20 nye innbyggjarar. I Nissedal ligg folketalet uendra på 1.393 personar. I dei fire andre Vest-Telemarkkommunane går folketalet ned. Størst nedgang har Tokke med 19 personar.
Kva er suksessoppskrifta for auka folketal i Vinje, ordførar Arne Vinje?
Artikkelen held fram under annonsen.
Ja, sei det, svarer ein svært nøgd ordførar som finn veksten i folketalet gledeleg.
Han seier at ein i kommunen har hatt arbeidet med å snu den negative folketalsutviklinga som eit hovudmål. Det store spørsmålet no er om veksten er starten på ein langvarig trend eller ikkje.
Omdømebygging
Ordføraren legg til at inntrykket er at dei som har flytta til kommunen har tenkt seg veldig godt om før dei tok flytteavgjerda. Og dei som kjem gjev uttrykk for at dei finn dei verdiane dei har leita etter.
I kommunen har me arbeidd mykje med omdømebygging, og eg trur me stort sett greier å levere dei verdiane tilflyttarane etterspør. No vonar eg at også dei andre kommunane i regionen får oppleve auka folketal i tida framover, seier Arne Vinje.
Nedgangen held fram
Forskar Audun Thorstensen ved Telemarksforsking meiner at sett under eitt held folketalsnedgangen fram i Vest-Telemark. Nedgangen i Kviteseid og Tokke er såpass stor at innbyggjartala nærast er i fritt fall.
Så lenge veksten i folketalet aukar i Noreg totalt sett, og nedgangen held fram i Vest-Telemark, vert skilnaden mellom sentrale vekstområde og utkantane større. Ein region som Vest-Telemark vert hengjande etter. Det same gjeld heile Telemark fylke. Korkje Skien eller Porsgrunn står fram som dynamiske vekstsentra, seier Audun Thorsteinsen.
Auka sentralisering
SSB skriv at heile 65 prosent av folketalsauken no skjer i dei fire fylka Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland. I dei to sistnemnde fylka er det Stavanger- og Bergens-områda nye innbyggjarar strøymer til, medan dei har folketalsnedgang i utkantkommunane.