Før årsskiftet kjem 19 nye flyktningar
Seljord kommune skal i haust busetje tre familiar frå Syria som mellom anna gjev skulen i sentrum ni nye elevar.
I veke 43 skal kommunen vere klare for å ta imot tre syriske familiar. Syrarane kjem til Noreg via opphald i ein flyktningleir i Libanon. Seljord kommune har fått klarsignal for å busetje dei 19 personane, og førre veke annonserte kommunen etter moglege bustadar.
– Me har vore og sett på nokre alternativ, så me er i gang med prosessen, seier avdelingsleiar for flyktningar, Geir Jensen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Er det berre sentrum som er aktuelt?
– Dei har ikkje førarkort og då må me ha sjåfør og minibuss for å frakte dei rundt. Dei skal vere med på vaksenopplæring, besøk til lege og sjukehus, politi og alt skal skje med tolk. Det er litt vanskeleg å få til transport, og det blir kostbart også. Me har sett på moglegheiter – me burde nytta oss av Åmotsdal og Flatdal, men det er vanskeleg for det går ikkje kollektivtransport slik at det kan løyse seg, seier Jensen.
Dei nye seljordingane vil busetje seg i heimar kommunen leiger. Kommunalsjef for undervisning, Ronde Schade, seier kommunen berre er interessert i å leige bustadar med toårsavtale.
– Me kjøper ikkje bustadar nå, stadfestar Schade.
Dei tre nye familiane vil gje ni nye elevar til barneog ungdomsskulen i Seljord, og fire barn til barnehagen i tillegg til dei seks vaksne.