Prosjektleiar for bioøkonomi Telemark, styreleiar i AT-skog og Noregs skogeigarforbund , Olav A. Veum (t.v.) og bedriftsrådgjevar og prosjektleiar i Vest-Telemark næringsutvikling, Svein Henriksen gler seg til Gründerveka.
Prosjektleiar for bioøkonomi Telemark, styreleiar i AT-skog og Noregs skogeigarforbund , Olav A. Veum (t.v.) og bedriftsrådgjevar og prosjektleiar i Vest-Telemark næringsutvikling, Svein Henriksen gler seg til Gründerveka.

For inspirasjon og idémyldring

Neste veke blir Gründerveka i Vest-Telemark markert for fjerde gong med gründerskule og kveldsarrangement om bioøkonomi.

Den landsdekkjande Gründerveka blir markert med to arrangement i Vest-Telemark neste veke. Fyrst ut er gründerskulen i Kviteseid måndag før bioøkonomien blir tema i Fyresdal torsdag.

Prosjektleiar for bioøkonomi Telemark, styreleiar i AT-skog og Noregs skogeigarforbund, Olav A. Veum, og bedriftsrådgjevar og prosjektleiar i Vest-Telemark næringsutvikling (VTNU), Svein Henriksen, gler seg til å ta fatt på gründervekearrangement i Vest-Telemark for fjerde gong.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet med arrangementa er å skape ein sterkare kultur for entreprenørskap og innovasjon, og sende tydeleg signal om at Vest-Telemark vil satse innanfor desse områda, seier Henriksen,

Gründerskulen blir arrangert i samarbeid med Innovasjon Noreg og landbruksavdelinga hos Fylkesmannen, og skal vere ein inspirasjonskveld.

– I Vest-Telemark er det mellom anna mange som bur på gardsbruk og sit med mange idear. Kanskje kan ein satse og gjere det til ei form for tilleggsnæring, seier Henriksen.

Han seier arrangørane ynskjer at både bedrifter og privatpersonar skal bli med på gründerskulen. Kanskje kan idéen bli tatt vidare via ein workshop der ein får hjelp til å arbeide målretta og systematisk med konkrete problemstillingar, og sjå på kva som er mogleg å få til som gründer.

Kveldsarrangement

Fyresdal næringshage skal huse gjestene som ynskjer å høyre om bioøkonomi i Vest-Telemark kan vere eit grunnlag for dagens og framtidas gründerar.

– Det er tenkt som ein inspirasjonskveld for alle som er interesserte i å skape større verdiar av dei bioressursane me har i regionen, seier Veum.

Han peiker på at næringsgrunnlaget i dag blir utfordra og ynskjer å vekke tankar om det kan ligge potensiale som kan skape større lønsemd, fleire arbeidsplassar, om det så er jord, skog eller ferskvatn.

– Det ligg potensiale til å utvikle dette langt vidare i Vest-Telemark. Den bioøkonomiske retninga gjer det mogleg å etablere ny teknologi her. Det gjeld å sjå etter kva som er mogleg, seier Veum som vonar at kveldsarrangementet skal inspirere nokre av dei frammøtte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veum fortel at fleire inviterte gjester vil orientere kort om ulike fagområde

– Kven er målgruppa?

– Det er alle som er interesserte i næringsutvikling og bioressursar. Gründerar, bønder, skogeigarar og industriaktørar. Det er flott om det kjem idéar fram på møtet, men det er ikkje eit krav å ha ein idé for å kome. Det er i hovudsak ein inspirasjonskveld, seier Veum og Henriksen.

Mykje på plakaten

Det fyrste arrangementet under paraplyen til Gründerveka i Telemark blei halde på Notodden i dag. Då stod «Kvinnelyst – ein konferanse for landbrukskvinner, bygdekvinner og bykvinner» på programmet.

Måndag føremiddag blir det opning av Gründerveka på Parkbiografen i Skien. Midt på dagen kan ein høyre om «Kva må til for å finansiere mitt prosjekt» på Notodden. På kvelden blir det gründerskule på Vest-Telemark næringshage i Kviteseid, og gründerkveld på kommunehuset i Drangedal.

Tysdag startar dagen med investorforum på Du verden vitensenter i Porsgrunnn og gründerdag i Ibsenhuset. Onsdag kan ein reise til Ælvespeilet i Porsgrunn og vere med på vekstkonferansen «Ta ansvar».

Torsdag står «Verden er digital – kva med di bedrift?» på plakaten på Rjukan, medan Ståle Hegna skal snakke om presentasjonsteknikk på Bø hotell. Det er også høve til å vere med på innovasjonscamp denne dagen på høgskulen i Telemark (HIT), avdeling Porsgrunn og gründerforum på Klosterøya. Torsdag kveld vil ein sjå på bioøkonomien i Vest-Telemark i Fyresdal næringshage, og det blir næringsseminar på Siljan kommunehus.

Fredag blir det gründeridol for ungdomsbedrifter på Down Town kjøpesenter i Porsgrunn, innovasjonscamp på HiT Porsgrunn, «1-1, by møter næring» på bysentralen, Porsgrunn rådhus og ein kan høyre om «Kan sky-tendenser gjere mi verksemd meir effektiv» på Skagerak arena.