Knut Buen blir også i år å høyre både ved Sterke-Nils-stova og ved Gonge-stova. Sigurd Telnes var karen som tok fram sogene og både med forteljing og skodespel formidla dei til nye generasjonar.
Knut Buen blir også i år å høyre både ved Sterke-Nils-stova og ved Gonge-stova. Sigurd Telnes var karen som tok fram sogene og både med forteljing og skodespel formidla dei til nye generasjonar.

For nesten 300 år sidan …

Også i år kan Dyrsku-gjestene få med seg eit tidsbilde på SterkeNils-tunet. I år går temaet heilt tilbake til tidleg 1720-år. Sterke-Nils skal vera fødd i 1721. At han som spedbarn fekk hestemjølk å drikke blir etter segna sagt å vera grunnen til kjempekreftene hans. Gjetordet om krafttaka hans har levt gjennom hundreåra etter han. Sogene fortel om krefter som i den tida kan måle seg med det som i dag blir gjort med hydrauliske maskinkrefter.

Som alle år etter at Sterke-Nilsstova fekk plass på Dyrskuplassen på 1990-talet, er det Sigurd Telnes som står bak årets framsyning. Han døydde i vår, på dagen to månadar før han nådde 92 år. Som ein signatur over alt han gjorde for å formidle historia og sogene om Sterke-Nils og andre legendariske personar frå lokalsoga, rakk han å levere eit utkast til nok eit tidsbilde på Sterke-Nils-tunet. I respekt for alle gjestene på Dyrskuplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sigurd var avgjerande for at Sterke-Nils-stova kom på plass på Dyrskuplassen, og blei grunnlaget for «Sterke-Nils-tunet», den litt rolegare kroa på plassen i dei hektiske Dyrsku-dagane. Men for han var det ikkje berre å plassere gamle bygningar. Han fylte bygningane med innhald og aktivitet.

Det er eit levande museum som står att etter Sigurd.

Aktørane i årets framsyning har arbeidd vidare med Sigurds skisse. Derfor kan dei alle dyrskudagane vise publikum eit glimt av soga om Sterke-Nils. På scenen får ein sjå og høyre den alltid trufaste og engasjerte spelemannen Knut Buen. Like trufast og engasjert er kvedaren Ragnar Haugstøl, i år i ei slags dobbeltrolle, både som forteljar med vers av diktverket Jørund Telnes skreiv om Sterke-Nils, og som far til Sterke-Nils. Trufaste og dyktige Reidun Øverland er også med, i år i fleire roller. Ho og Ingrid Storlid er både tussar, menneske og spåfenter. Trine Larsen er ny på Sterke-Nils-scenen. Ho opptrer som mor av Sterke-Nils. Ny er også åtteåringen Tollef Haugen. Han er den unge Sterke-Nils, som får spådommen om den styrken han skal få når han veks til.

I tillegg til framsyninga framom Sterke-Nils-stova fører Knut Buen vidare tradisjonen med lokalhistorie ved Gonge-stova. Også ein bygning Sigurd Telnes sytte for å berge for ettertida, og gje eit historisk innhald. I år fortel Buen og Ragnar Haugstøl lokalsoge knytt til kunstnaren og sogeforteljaren Hølje Gonge som sat vanfør i denne stova heile det vaksne live t sitt. Frå stova på Seljordshei hadde han både auga og hender for svært godt handverk, lokal historie, og eit blikk til det som gjekk føre seg i verda utanfor husmannsstova.