Det nye destinasjonsselskapet Visit Vrådal vil vere eit felles koordineringsledd for reiselivet. Kommunestyret handsamar 9. februar om selskapet får kommunal støtte til drift.
Det nye destinasjonsselskapet Visit Vrådal vil vere eit felles koordineringsledd for reiselivet. Kommunestyret handsamar 9. februar om selskapet får kommunal støtte til drift.

For prinsipiell for formannskapet

Formannskapet i Kviteseid valde å sende søknaden frå det nye destinasjonsselskapet i Vrådal vidare til kommunestyret utan tilråding.

Feber og sjukdom reduserte formannskapet i Kviteseid førre veke. Ordføraren var sjuk, så varaordførar Olav Mosdøl (KrF) leia møtet. Tarjei Draugedal stilte som vara i Mosdøls stad og Hilde Berntsen møtte som vara for Arbeidarpartiet der Bjørg Kyrkjebø Staaland og Jarle Hjertås meldte fråfall. Dei tri andre faste medlemmene i utvalet, Jon Ingebretsen (V), Gunn Karin Eikåsen (Sp) og Asgjerd Stråndi (Sp) var på plass.

– Tilskot frå næringsfondet til nytt destinasjonsselskap i Vrådal er ei viktig sak for politikarar, administrasjon og næringslivet. Dette må ein vurdere og drøfte nøye, uttala varaordførar Mosdøl då han innleia til dialog kring det nye destinasjonsselskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sakshandsamar og rådmann Hans Bakke la fram to ulike tilrådingar i saka. Eitt alternativ går på visse vilkår inn for å støtte etableringa med 430.000 kroner per år i tri år framover. Det andre alternativet var å avslå søknaden.

– Om politikarane vel å avslå søknaden er det viktig at deltakarar frå næringa i Vrådal blir invitert til arbeidet med kommunedelplanen som no skal utarbeidast, skriv Bakke i saka.

Mykje pengar

Dei folkevalde meinte at det var ein stor sum å ta stilling til.

– Argumenta er gode for å gå inn for summen det blir søkt om, men det er mykje pengar, uttala Hilde Berntsen (Ap).

– Me set nok ikkje kommuneøkonomien på styr om me vel å gå for dette, men det er sjølvsagt vanskeleg å vite kva som skjer tri år fram i tid. Eg meiner det er rett å stø prosjektet, sa Ingebretsen.

Varaordførar Olav Mosdøl (KrF) lufta om det kunne vere klokt å sende saka vidare til kommunestyret slik at partia kunne diskutere saka skikkeleg.

Tarjei Draugedal kom med eit nytt framlegg på vegne av KrF og Sp: «Formannskapet finn saka så prinsippiell at ein ynskjer at ho blir drøfta i kommunestyret på fritt grunnlag. Saka sendast difor over til kommunestyret utan innstilling frå formannskapet.»

Framlegget blei samrøystes vedteke og kommunestyret handsamar saka 9. februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avhengig av samarbeid

Næringssjef, Anne Aasmundtveit, har vore eitt av medlemmene som har sete i arbeidsgruppa som har jobba med destinasjonsselskapet Visit Vrådal. Elles i arbeidsgruppa er Olav Øy (Vrådal hyttegrend), Sigmund Straand (Quality Straand hotell & resort), Petter Johnsen (Vrådal Panorama), Tor-Arne Mælen (Straand bensinstasjon) og Arnfinn Hansen (Vrådal golf- og hyttepark).

– Etter mange års drift vart Vrådal turistservice avvikla i 2009, og saknet etter eit nytt selskap har vore stort. Ein er avhengig av å stå saman om ein skal overleve, og dei destinasjonane som ikkje har kommunen med seg overlever ikkje. Vrådal må ikkje vere eit turistmål som blir sett på eit sidespor, medan dei andre destinasjonane tøffar forbi. Dei må vere med og gjere destinasjonen synleg, uttala Aasmundtveit.

Samvirkeføretak

Arbeidsgruppa har utarbeidd eit forprosjekt som konkluderar med at ein vil etablere eit fellesapparat for reiselivsaktørane i Vrådal. Dette blir organisert som eit samvirkeføretak.

Det årlege driftsbudsjettet er kostnadsrekna til 980.000 kroner. Dette er delt opp i at deleigarane stør satsinga med for 550.000 kroner og Kviteseid kommune med 430.000 kroner.

Rådmann Hans Bakke peikar i saksutgreiingane på at det er vanskeleg å ta stilling til ein så stor søknad om årleg stønad utan å vurdere situasjonen for næringsfondet.

– I tillegg til det omsøkte tilskotet på 430.000 kroner er kommunen også inne og støttar turistinformasjonen i Vrådal med 120.000 kroner og galleridrift med 45.000 kroner. Samla vil dette utgjere årlege overføringar til reiselivsrelaterte aktivitetar i Vrådal på 600.000 kroner, skriv Bakke.

Han meiner det ligg viktige grunnar til å støtte opp om prosjektet, ut frå det omfang reiselivsnæringa i Vrådal har dokumentert for kommunen gjennom forprosjektet.

– I alle fall for ein prosjektperiode på tri år, skriv Bakke, og legg til at dette også er hovudgrunnen til at næringssjefen stør den framlagte modellen.