Førebuingane er godt i gang
Arbeidet knytt til forsøksordninga med snøskuterløyper i Tokke kommune er i gang.
Tokke er ein av kommunane som er med i Klima- og miljødepartementets nye forsøksordning som gjev enkelte kommunar løyve til å etablere snøskuterløyper for rekreasjonskøyring. Kommunen har hatt møte med dei andre kommunane i Vest-Telemark for å drøfte kriteria som ligg til grunn for etableringa av løypetraséar. Dei skal også sjå på samarbeidet mellom kommunane. – Me er i gang med å undersøkje enkelte formelle sider av ordninga og dei overordna føringane som ligg i forskrifta. For Tokke kommunes del, vil ein parallelt også førebu arbeidet med snøskutertraséar. Godkjenning av forskrifta til forsøket vil saman med formell oppstart av planarbeidet, mest truleg kome som sak i fyrste kommunestyremøte som er 4. mars, seier plan- og næringssjef Gunhild Austjord.
Tidlegast neste vinter
Det betyr at det tidlegast vinteren 2014-2015 blir oppretta lovlege løyper for rekreasjonskøyring i Tokke.
Artikkelen held fram under annonsen.
– For å seie litt meir konkret om dei formelle sidene me ynskjer å undersøkje, så går det på krava om at ferdsel må skje utanfor nasjonale villreinområde, noko som gjev store avgrensingar. Me må også avklare litt meir om grunneigarrolla før me går i dialog med grunneigarane. Det dreiar seg mellom anna om dei kan seie opp ei avtale i prøveperioden, og om dei kan krevje at det berre er kommunens eigne innbyggjarar som kan bruke traséane, forklarer Austjord.