Ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) ville ikkje forskottere ei nedlegging av barnehageavdelinga ved Vinjar.
Ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) ville ikkje forskottere ei nedlegging av barnehageavdelinga ved Vinjar.

Foreldra i Åmot vil heller betale for barnehageplass i kommunesenteret enn å nytte gratistilbodet ved Vinjar

– Eg er opptatt av heimstadlære. Det er ikkje rett av oss å forskottere ei nedlegging av barnehagen ved Vinjar, sa ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) då formannskapet måndag diskuterte behovet for større plass i barnehagen i Åmot.

Han ville ikkje vera med på framlegget frå rådmannen som i samband med å føreslå planlegging av to nye avdelingar i Åmot skisserte ordlyden «dette medfører at Åmot barnehage på sikt kan samlokaliserat i Åmot».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er for tidleg, var Kleven klar på.

Vel bort gratistilbod

Åmot barnehage består av fem avdelingar, fire av dei ligg i Åmot, den femte ved Vinjar. Avdelingane i Åmot er for tida heilt fulle. Totalt er det her 56 barn som opptek 76 plassar. Ved Vinjar har talet lege på pluss/minus 10. For tida er det 14 barn ved denne avdelinga. Tilbodet om gratis barnehageplass har ikkje klart å lokke foreldre til å velje avdelinga ved Vinjar framfor Åmot.

– Ein har sett at føresette med 6-åringar av ulike grunnar likevel har prioritert å søkje i Åmot, trass i at dei då må betale for barnehageplassen, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

Rådmannen skriv vidare at det er ei pedagogisk utfordring å drive ei avdeling med 10 barn på 6 årstrinn, spesielt mot dei eldste barna. Det er også krevjande med driftskostnadene med høgare bemanning for å klare å dekke opp lang opningstid. Men på den andre sida blir det også trekt fram at det å ha avdelinga i Vinjar har ein verdi for dei som bur der med små barn.

Får ikkje plass til alle i Åmot

Formannskapet var etter eit ordskifte einige i å fjerne setninga om framtidig samlokalisering, men politikarane la ikkje skjul på at ei nedlegging av avdelinga ved Vinjar kan bli ein realitet snart. Øystein Høgetveit (SV) meinte barnehagen i praksis blei lagt ned då skulen blei borte. Børre Rønningen (Ap) var opptatt av at politikarane ikkje måtte sende eit signal om at samlokaliseringikkje er aktuelt.

– Me må forhalde oss til realitetane, sa Rønningen. 

– Det får me ta når det er aktuelt. Ei slik sak krev ei større involvering med brukarane, meinte Kleven, og fekk med seg heile formannskapet.

Rådmann Jan Myrekrok uttala at det er store vanskar med å få plass til dei som søkjer barnehageplass i Åmot til hausten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me kjem til å invitere foreldra til møte for å ta dei med på råd, seier rådmannen til VTB.

Kommunen har alt sett av 500 000 kroner til eit forprosjekt med tanke på framtidig utbygging av Åmot barnehage. Rådmannen stilte i saka spørsmålet om ein i Åmot skal ha kapasitet til å ta imot ytterlegare barn frå Vinjar, og at ein på sikt kan samle alt i Åmot. Då er behovet totalt seks avdelingar i kommunesenteret.