Foreldra kartlegg barnehagebehovet
Kviteseid barnehage held stengt heile påska, jula og tri veker i sommarferien. No vil foreldregruppa kartlegge behovet for utvida opningstider.
Det er problematisk for mange foreldre at ein ikkje kan vere meir fleksibel i høve til feriar. I fellesferien stenger barnehagen, og det blir vanskeleg for mange å få kabalen til å gå opp. Alle foreldre har ikkje fri i fellesferien. Det same er tilfelle dei dagane i jule- og påskeveka som ikkje er heilage. I tillegg er det fleire foreldre som har uttrykt at dei synest 7.30 som opningstid er for seint, fortel Åsa Eklund-Larsen, foreldrerepresentant i Kviteseid barnehage.
Spørjeskjema
Ho har difor utforma eit spørjeskjema der foreldre og tilsette kan krysse av kva ynskje dei har om opningstider.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg vil berre sjekke behovet, så får me sjå kva folk svarar. Kanskje det kan bli enklare for mange av oss framover. Det var sektorleiar for skule og barnehage, Ellen Marie Prag, som bad meg sjekke interessa for eit utvida tilbod då eg tok opp temaet med henne. Eg skal overlevere resultata dit når eg har fått inn alle svara, seier Eklund-Larsen.
Prag stadfestar at foreldrerepresentanten har vore i kontakt med henne, og at dei då blei einige om at Eklund-Larsen skulle høyre litt rundt om interessa blant foreldre.
Når ho no har sendt rundt eit slikt skjema, har ho faktisk gjort mykje av jobben vår. Det me bad om, var at foreldra formelt tek kontakt med oss og legg fram kva dei ynskjer. No får me svar på det gjennom denne spørjeundersøkinga, seier Prag.
Vil sjå på saka
Sektorleiaren seier dette er eit tema som kjem opp frå tid til annan, men at ho enno ikkje har fått nokon konkrete krav om at opningstidene burde endrast på.
Men me har sjølvsagt merka at behovet for barnehageplassar er under forandring. No har me mange ungar som treng eit fulltidstilbod frå dei er eitt år gamle. Slik var det ikkje for få år sidan, fortel Prag.
Eg kjem sjølvsagt til å ta saka vidare når eg får tilbakemeldinga frå foreldra, og er veldig innstilt på å sjå nærare på dette, seier ho.