Foreldre protesterer mot barnehage-kutt
Formannskapet i Seljord føreslår å kutte ut korttidstilbodet i barnehagane, og reknar at det vil gje ei auka inntekt på 254.000 kroner. Protesten frå foreldre og samarbeidsutval i barnehagane er samstemt.
Når ordførar Edvard Mæland i dag klubbar budsjettmøtet i Seljord kommunestyre i gang, har han klare meldingar frå samarbeidsutvalet og foreldreutvalet ved Åmotsdal skule og barnehage, samarbeidsutvalet ved Flatdal barnehage og foreldreutvalet ved Badet barnehage på bordet. Alle protesterer kraftig mot framlegget om å leggje ned korttidstilbodet i barnehagane.
Redusert undervisningssektor
Politikarane i formannskapet hadde ei svøpe over seg då dei sat saman i budsjettdrøftingar: Budsjettet måtte skjerast med nær 5 millionar kroner. På undervisningssektoren førde det til at korttidstilbodet i barnehagen blir føreslått lagt ned, og erstatta med bare heildagsplassar. Det gjev større statstilskot, kommunen reknar med ei auka inntekt på 254.000 kroner. Saman med justerte takstar reknar formannskapet med vel 300.000 kroner meir inntekt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare føreslår formannskapet å redusere alle støttetiltak i grunnskulen og skulefritidsordninga, som mellom anna omfattar tilrettelagt undervisning, med 20 prosent. Det reduserer utgiftsida med 348.000 kroner. Assistentressursen i barnehagane blir redusert med 34 prosent, noko som gjev 91.000 sparte kroner. Stillinga som pedagogisk konsulent blir redusert frå 100 til 80 prosent, ei innsparing på 71.000 kroner. Ved å leggje logopedressursen inn i rammetimetalet sparer kommunen 82.000 kroner.
Stengjer for tilpassa barnehagetilbod
Styrarane i barnehagane i Seljord meiner nedlegging av korttidstilbodet vil stengje for eit lite barnehagetilbod tilpassa familiar der ein av foreldra er heime og av økonomiske eller andre grunnar ikkje finn det naturleg å bruke eit heildagstilbod. I ein kommentar til budsjettframlegget peikar dei på at det frå staten er lagt opp til at barnehagetilbodet skal vera fleksibelt.
I Seljord har det vore tradisjon å avpasse barnehagetilbodet etter behovet til foreldra, skriv barnehagestyrarane. Dei opplyser at det i dag er 16 barn som nyttar korttidstilbodet, og føreslår at det blir halde oppe nokre korttidsplassar i kommunen.
Seier opp plassar
Leiar i samarbeidsutvalet for Badet barnehage, Bjørg Anita Moen, fryktar at kommunen vil gjera opp rekninga utan verdi ved å leggje ned korttidstilbodet.
Viss foreldra treng eit korttidstilbod, vil dei ikkje betala for eit heiltids. Framlegget om å gjera alle barnehageplassane til heiltids, vil føre til at foreldra seier opp plassen, i staden for å betala meir enn dei treng, seier Moen. Ho får full støtte av Anne Gry Særsland og leiar Kristin Tveiten i samarbeidsutvalet ved heildagsbarnehagen.
Dette er eit dårleg signal frå kommunen. Ein ønskjer fleire folk til kommunen, men reduserer valfridommen om barnehageplass for dei, seier dei tri mødrene.
Samarbeidsutvala i Flatdal og Åmotsdal gjev òg klare meldingar:
Samarbeidsutvalet ved Flatdal barnehage protesterer på at korttidstilbodet blir lagt ned. Dette er eit godt og verdifullt tilbod til brukarane, skriv leiar Halvor Kvåle Rue på vegne av utvalet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me kan ikkje godta at korttidstilbodet blir lagt ned, meiner samarbeidsutvalet i Åmotsdal, ved leiar John Olav Haugetuft. Utvalet peikar på at å ha berre eit heildagstilbod samsvarar lite med statens ønskje om ein fleksibel og brukarvennleg barnehage.
Kortsiktig
Dersom resultatet blir slik foreldrerepresentantane fryktar, meiner foreldra det er ein kortsynt politikk.
Då risikerer ein å møte problema i skulen seinare. Då vil dei vera verre å ta att. Dette er med andre ord å skuve problema føre seg inn i ein vond sirkel med vanskelege klasser, sjukemeldte lærarar og frustrerte foreldre og ungar som stiller dårlegare rusta til skulen, slår foreldra fast.
Den eldste barnehagen i Seljord, Badet, har nettopp runda 25 år. Då han blei starta var det ein stor debatt om det var rett å innføre barnehagar. No vil politikarane bare ha heildagstilbod, kommenterer foreldra.