Jan Kile står på den støypte flata der det skal opp ny hall. Bak ser ein turkeoverbygget, laftehallen og den nyoppførde visningshytta.
Jan Kile står på den støypte flata der det skal opp ny hall. Bak ser ein turkeoverbygget, laftehallen og den nyoppførde visningshytta.

Fører laftetradisjonane vidare

Jan Kile i Fyresdal gjer som oldefaren, bestefaren og faren. No vidarefører han laftekunsten til sonen.

No investerer Kile Håndlaft AS i Fyresdal 1,5 millionar kroner i utstillingshytte og kombinert produksjons- og lagerhall på 300 kvadratmeter. Næringsfondsstyret ser positivt på planane. Det både styrkjer eksisterande arbeidsplassar og skapar nye, og gjev tynnplateproduksjon. Som investeringsstøtte blir det løyvd 120 000 kroner samla til båe bygga, med grunnlag i total byggjekostnad på 1,5 millionar kroner.

Eineeigar og dagleg leiar Jan Kile overtok i starten av 2000 Kile Håndlaft frå faren Magne Kile. Jan er fjerde generasjon laftar. Då bestefaren og oldefaren dreiv med lafting blei det arbeidd på plassane der bygg skulle opp. No skjer jobben bare i hallar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire tilsette

Laftefirmaet har sju tilsette, og har vore oppe i ni.

– Eg håpar me blir ein eller to tilsette til. Me treng sårt arbeidsplassar i bygda, og må få til det om ein kan, seier Jan Kile.

For ei tid sidan kjøpte han plateknekke og -saks av attføringsverksemda Telemark Lys. Jobben er alt i gang med å lage ulike beslag til hus og hytter, og kanskje blir det produksjon av pipehattar også.

– Me kjøper store plater og kappar dei opp sjølve. Me leiger ein hall til den nye er på plass, seier Kile.

Han er ein av medeigarane i Fyresdal sag og bygg, og lagar beslaga som det firmaet sel. Fyresdal sag og bygg eig 51 prosent av Drangedal byggsenter.

– Kunne me levere beslag til byggsenter både i Treungen og Drangedal også, aukar det fort på, men det får me sjå an. No må me fyrst få opp bygget, som me tek når me kan. Håpar det er på plass før sommaren, seier Kile.

Kortreist tømmer

Kile Håndlaft gjer alt av byggarbeid, inkludert støyping og muring, og var mellom anna med og bygde næringshagen i Fyresdal.

Firmaet har eigentleg lafteoppdrag heile året. To mann er no i full sving med halvannan etasje hytte på 130 kvadratmeter, og med ein slik storleik tek arbeidet tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt tømmeret blir kjøpt frå AT Skog, kjem frå nærområdet og blir skore i åtte tommars breidde på saga til Fyresdal sag og bygg. Til hytta som no er under produksjon går det med 150 kubikkmeter tømmer eller 1500 meter med laftestokk.

Laftestokken, som stort sett er furu, må vere tørr før bruk. Ein skal vere heldig med turkesommaren om virket kan brukast om hausten.

– Det me brukar no har lege i to år, og då er ein i alle fall sikker, seier Kile.

Breidda på laftestokken er konstant, medan høgda varierer. Kantane blir skore med stor sirkelsag, så blir det høvla og laftinga kan ta til. Det blir også bruka motorsag til det omfattande arbeidet i hallen på Molandsmoen.

Tøffe tunge lyft

Ei kran i taket blir bruka for å lyfte på plass laftestokkane. Før i tida var det for det meste handmakt som gjorde den jobben.

– Eg har lyfta ein del …, seier Kile.

– Men helsa held?

– Nei. Eg kan ikkje stå og lafte lenger. Men det hadde vore mykje gildare å gjere det enn å sitje på kontoret, svarar Kile.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at firmaet har vore heldig med at ein aldri har permittert nokon.

– Kan ein halde fram med det, er det bra, seier Kile, og legg til at det av og til blir leigd inn hjelp frå andre verksemder i bygda.

Son i lære

Kile byrja i jobben i 1983.

– Eg er fornøgd med valet av arbeidsplass, elles hadde eg ikkje vore her, seier han med eit smil.

Laftefirmaet har hatt lærlingar i mange år, og eitt år tok to av dei fagbrev samtidig.

– Det er viktig for meg å vere med og føre laftetradisjonen vidare. Yngste son min er i lære her no. Eg håpar han overtek med tida, det er dumt å leggje ned, seier Jan Kile.

I saksutgreiinga til næringsfondsstyret går det fram at Kile Håndlaft AS hadde eit overskot på 447 932 kroner i 2013, eit år det ikkje blei tatt ut utbyte. Eigenkapitalen låg på nesten tre millionar kroner.

– Kile Håndlaft AS er den største og mest stabile handverksbedrifta i Fyresdal. Verksemda har i mange år vore ein solid og viktig aktør i byggjemarknaden i kommunen, skriv sakshandsamar Edvard Nesland.