Måndag 27. november vil rådmannens framlegg til budsjett bli presentert i Seljord. Torsdag kunne rådmann Kari Gro Espeland fortelje at eigedomsskatt vil vere eitt av dei upopulære framlegga på budsjettet.
Måndag 27. november vil rådmannens framlegg til budsjett bli presentert i Seljord. Torsdag kunne rådmann Kari Gro Espeland fortelje at eigedomsskatt vil vere eitt av dei upopulære framlegga på budsjettet.

Føreslår å innføre eigedomsskatt

Kommunestyret i Seljord blei torsdag varsla om at rådmannen vil kome med framlegg om å innføre eigedomsskatt for å få kommuneøkonomien i balanse dei komande åra.

Konstituert rådmann i Seljord, Kari Gro Espeland, orienterte kjapt om budsjett for 2018 og den komande økonomiplanperioden då kommunestyret var samla torsdag. Sjølve budsjettframlegget frå rådmannen vil ikkje bli presentert før 27. november, men rådmannen kom likevel med eitt av framlegga som truleg vil skape mykje debatt hos innbyggjarar og politikarar den komande tida.

– Eg vil ikkje gå i detaljar eller kome med konkrete tal frå budsjettframlegget, men eg syns det er rett å orientere kommunestyret om at det i år er særdeles store utfordringar med å få budsjettet i balanse. Eg synest det difor er greitt at de veit at det vil kome eit heilt reelt framlegg om å innføre eigedomsskatt i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rådmannen sa at administrasjonen ikkje såg andre måtar å få budsjettet i balanse på i økonomiplanperioden.

– Det vil også bli bruka av disposisjonsfond i 2018 til enkeltvedtak, men også til å få driftsbudsjettet i balanse. Og de veit sikkert også at det kostar å innføre eigedomsskatt, med tanke på taksering og liknande. Desse kostnadane vil bli lagt inn i 2018-budsjettet, uttala Espeland og la til:

– Rådmannens budsjettframlegg har svært upopulære ting som heller ikkje rådmannen sjølv har glede av å kome med framlegg om.