Føreslår å leggje ned Rjukan sjukehus
Administrasjonen i Blefjell sjukehus føreslår å leggje ned Rjukan sjukehus. Kommunelege Gunnar Strøno i Tinn oppfordrar til generalstreik i kommunane.
Kirurgisk avdeling blir føreslått nedlagt frå fyrste januar og 34 sjukepleiarar og hjelpepleiarar blir sagt opp. Det betyr at dei pasientane som treng intensivbehandling og overvaking må sendast til Kongsberg eller Notodden. Me sit dermed att med ein avansert sjukeheim, seier Strøno.
Han fortel at administrasjonen i Blefjell sjukehus også føreslår å kutte kraftig på pengane til sjukehusa på Kongsberg og Notodden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjempedramatisk
Forslaga frå administrasjonen i Blefjell sjukehus blei offentleggjort onsdag. Strøno er sjokkert og oppmodar fagforeiningar, politikarar og innbyggjarar til å kjempe for å behalde sjukehuset i Tinn.
Det er ikkje noko problem for folk å engasjere seg i denne saka, eg trur folk er sinte no, meiner Strøno.
Han er spent på den vidare behandlinga av forslaget til administrasjonen i Blefjell sjukehus. For no skal forslaget opp i styret i Blefjell sjukehus måndag, deretter skal det bli godkjent i styret til Helse Sør og til slutt hos helseminister Dagfinn Høybråten.
Strøno seier han jobbar opp mot Stortinget slik at dei tar opp saka.
Eg er spent på kva helseministeren vil seie, for han har tidligare lova at Rjukan sjukehus ikkje blir lagt ned. Det er han som har fullmakt i saka, men Stortinget kan gripe inn, understrekar Strøno.
Fare for liv og helse
Strøno rasar over forslaget og meiner det er på tide med ei medisinsk konsekvensanalyse.
Dei set folks liv og helse i fare, og det gjer dei med opne augo, tordnar Strøno.
I forslaget frå administrasjonen i Blefjell sjukehus står det skrive: «For befolkninga vil vesentlege reduksjonar i dagens tilbod opplevast som negativt, med større opplevd utryggleik og tidkrevjande/belastande reiser for pasientar og pårørande. Ein kan og anta at auka avstandar og reisetider i enkelte tilfelle vil medføre auka risiko for pasientar. Med bakgrunn i dette skulle vi isolert sett ynskt å oppretthalde dagens tilbod kombinert med ei gradvis effektivisering av både støttetenester og primæroppgåver».