Leiar på Granlien, Anne Oddny Foldøy, håpar fylkespolitikarane vil vera med på spleiselaget slik at Granlien aktivitetssenter og Øitangen feriested kan halde fram med å gje meiningsfullt  kultur- og fritidstilbod til funksjonshemma personar.
Leiar på Granlien, Anne Oddny Foldøy, håpar fylkespolitikarane vil vera med på spleiselaget slik at Granlien aktivitetssenter og Øitangen feriested kan halde fram med å gje meiningsfullt kultur- og fritidstilbod til funksjonshemma personar.

Forlangar politisk behandling av kuttforslag

Fylkeskommunalt kutt av tilskot til Granlien aktivitetssenter i Kviteseid kan bety slutten for tilbodet om aktiv og meiningsfull fritid for funksjonshemma i fylket. Det må politisk behandlast før det blir sett ut i livet, forlangar leiar Anne Oddny Foldøy.

Etter at Granlien aktivitetssenter i snart ti år har gjeve tilbod om aktiv og meiningsfull kulturoppleving og fritid for folk med psykiske lidingar og for personar med fysiske og psykiske funksjonshemmingar, trugar fylkeskommunen med å dra inn tilskotet frå neste år. Det kan føre til at tilbodet for dei svakaste i fylket blir borte.

Fylkeskommunen løyvde 950.000 kroner til Granlien i 2003, men tok seinare 250.000 kroner til musea i Telemark av denne posten, slik at tilskotet i inneverande år er 700.000 kroner. I tillegg har årets budsjett rekna med 1,2 millionar kroner i inntekter frå eigenbetalinga til brukarane. Arbeidsstokken utgjer tre årsverk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Granlien blir administrert saman med Øitangen feriested i Kragerø, med Anne Oddny Foldøy som leiar for båe stadane. Dei to aktivitetssentra hadde i fjor 7.000 gjestedøgn, 4.000 av dei på Granlien.

Lever på nåde

– Me har levd på nåde heile tida. Tilbodet me gjev er primært kommunane sitt ansvar. Men det er vanskeleg for ein liten kommune å stille med tilpassa opplegg, utstyr og fagpersonell for å gje eit aktivt og meiningsfullt opplegg for ferie og avlastingsopphald, meiner Foldøy. Ho synest det er svært trasig om fylkeskommunen ikkje ser seg i stand til å støtte tilbodet dei to stadane.

– Ei nedlegging av tilbodet vil ramme dei svakaste i samfunnet. Dei som ikkje kan reise på eit vanleg hotell fordi utstyr og personell ikkje har føresetnader for å ta seg av folk med spesielle handikap, legg ho til.

Forlangar politisk handsaming

Ei arbeidsgruppe, der mellom anna Foldøy har vore med, har utarbeidd ein strategiplan for vidare drift av Granlien og Øitangen. Planen blei levert fylkeskommunen i vår, men sidan har ingen høyrt noko.

– Etter å ha arbeidd hardt og intensivt med planen, slik Fylkestinget bad om, forventar me at han kjem ut or den skuffen han har hamna i og blir politisk behandla, seier Foldøy.

Ho viser til konklusjonen i planen som slår fast at det er eit stort behov for tilboda Granlien og Øitangen kan gje, og at det offentlege har eit ansvar for kultur- og fritidstilbodet til visse grupper i samfunnet; noko mellom anna «Lov om sosiale tenester» slår fast.

Gruppa hadde som oppgåve å finne fram til driftsopplegg og finansiering som gjer stadane sjølvfinansierte. Men det blir konkludert med at dette er umogleg om tilbodet framleis skal vere for folk med ulike funksjonshemmingar.

– Om ein hadde tenkt eit reint kommersielt opplegg for næringslivet var det nok mogleg å få drifta av desse to naturperlene sjølvfinansierande, men det ser ikkje gruppa som ynskjeleg. Det finst nok av tilbod for denne gruppa frå før, meiner Foldøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skal Granlien og Øitangen framleis vera eit tilbod for funksjonshemma personar, ser me det som heilt nødvendig at fylkeskommunen er med på spleiselaget. Derfor forlangar me at fylkespolitikarane behandlar saka, ikkje overlet det til administrasjonen ut frå eit vedtak i Fylkestinget i 2000, seier ho.

Lagt ned store ressursar

Det er Norske kvinners sanitetsforening som eig Granlien og leiger ut staden til fylkeskommunen. Sanitetskvinnene har lagt ned nærare ein million kroner i oppussing av Granlien dei siste åra, og fylkeskommunen har investert nesten fem millionar kroner, fortel Foldøy.

Strategien framover er å satse på eit avlastningstilbod for kommunane i fylket, og kanskje nabofylka, der personar med autisme, ADHD og andre omfattande funksjonshemmingar får tilbod om opphald i helger og feriar.

– I dag er det mange familiar som manglar eit trygt og kjent tilbod om avlastning for den funksjonshemma medlemen i familien. For å få eit godt fagleg tilbod vil me satse på å leige inn høgt kompetent personell, mellom anna studentar frå vernepleie-, sjukepleie- og barnevernepedagoghøgskulane, fortel Foldøy.

For at tilbodet skal bli best mogleg trengs fylkeskommunen med på laget, meiner Foldøy. Ho ser ikkje kampen som tapt, og håpar fylkespolitikarane ombestemmer seg og finn dei kronene det er snakk om slik at kultur og fritidstilbodet for dei funksjonshemma kan halde fram og eit godt avlastingstilbod til heile fylket kan bli etablert.