Wenche Kasland Nystog
Wenche Kasland Nystog

Formannskap i strid med kjønnskvotering

Vinje kommune gjer ikkje noko lovstridig med å ha seks menn og ei kvinne i formannskapet, men det er lite i tråd med intensjonen, meiner kommunaldepartementet. – Det strir mot kjønnskvotering, meiner Ap-kvinne i Vinje.

Vinje kommunestyre har 25 representantar og elleve av desse er kvinner. Det vil seie at kvinnene utgjer 44 prosent av kommunestyret den komande perioden.

Formannskapet i Vinje blir sett saman av sju personar, og slik partia har valt representantar blir det seks menn og ei kvinne. Wenche Kasland Nystog (Ap) reagerer kraftig på kjønnskvoteringa i formannskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blir eg den einaste kvinna i formannskapet meiner eg at dette ikkje fylgjer krav om kvinneandelen. Eg kjem ikkje til å godkjenne denne fordelinga, seier ho.

Nystog var ei av dei som jobba svært aktivt med å rekruttere kvinner inn i politikken framfor kommunevalet.

– Me fekk med oss mange kvinner. Om fordelinga blir slik den er skissera, meiner eg det er dårleg gjort ovanfor kvinnene som satsar i politikken, og at me burde fylgje intensjonen i lova, kommenterer ho.

Eigen avtale

Komande ordførar i Vinje, Arne Vinje, fortel at det er laga ei valteknisk avtale mellom SV, Sp, H og KrF.

– Denne avtala fører mellom anna til av SV gjev eitt av mandata sine i formannskapet til Bygdelista, og Høgre skal også ha med ein representant her. SV skal ha ordførar vervet heile perioden, og Sp får varaordføraren. KrF kan velgje seg ein posisjon i eitt av dei andre utvala i kommunen, fortel Vinje.

Formannskapet i Vinje får difor truleg denne mandatfordelinga. Arbeidarpartiet blir representert ved Børre Rønningen og Wenke Kasland Nystog, Høgre stiller med Ole Kristian Nyhus, Framstegspartiet sin representant blir Tore Damberg, Bygdelista får inn Bjørn Lindskog, Senterpartiet Aslak Ofte og Sosialistisk Venstreparti ordførar Arne Vinje.

Kommunelova

Etter kommunelova § 36, punkt 2 skal kvart kjønn vere representera med minst 40 prosent i ulike kommunale organ som kommunestyre og formannskap så langt det er mogleg.

Gjer ikkje noko gale

Rådgjevar ved kommunaldepartementet, Steinar Dalbakk, uttalar til Vest-Telemark Blad at Vinje kommune ikkje bryt reglane ved å ha ei kjønnskvotering på seks menn og ei kvinne i formannskapet, men seier seg einig i at fordelinga er lite i tråd med intensjonane i kommunelova.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når eit parti skal velje ein representant til formannskapet kan dei sjølv bestemme om det skal vere ei kvinne eller ein mann. Om eit parti skal ha to eller fleire representantar i utvalet, skal dei gå ut frå kjønnskvoteringsreglar. Det vil seie at eit parti med to representantar må velje ei kvinne og ein mann, fortel Dalbakk.

Han poengterer også at det skal vere ei kvinne som vara, om mannleg representant får fråfall eller må supplerast.