Formannskapet redda gratis skulemat i Tokke
I det førebelse budsjettframlegget for neste år føreslår oppvekstetaten og rådmannen å kutte ut gratis skulemat i kommunen. Det fall ikkje i god jord hjå Arbeidarpartiet.
Økonomiplan for 2019–2022 og budsjett for 2019 blei diskutert i Tokke formannskap onsdag. Eitt av innsparingsforslaga i framlegget til oppvekstsjef Finn Arne Askje og rådmann John Kleiv er å kutte ut gratis skulemat i kommunen.
Dette ville i så fall gjelde både Tokke skule og Høydalsmo skule, og spare kommunen 170 000 kroner i året.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hilde Alice Vågslid (Ap) gjorde det klart at ho og Arbeidarpartiet ikkje ville stille seg bak dette, og kom med forslag om å fjerne punktet på staden. Forslaget blei samrøystes vedteke.