Jarand Felland frå Dalen er politisk rådgjevar i olje- og energidepartementet. Han seier auka bruk av ulike former for fornybar energi går som ein råd tråd i det politiske arbeidet i departementet.
Jarand Felland frå Dalen er politisk rådgjevar i olje- og energidepartementet. Han seier auka bruk av ulike former for fornybar energi går som ein råd tråd i det politiske arbeidet i departementet.

Fornybar energi utan konsesjonskrafttap

Jarand Felland frå Dalen er politisk rådgjevar i Olje- og energidepartementet. No signaliserer han at vindkraft kan vere aktuelt også i Vest-Telemark. Departementet ynskjer også eit nytt system som gjer at kraftkommunar som satsar på fornybar energi ikkje skal tape konsesjonskraft.

Den 39 år gamle advokaten hadde akkurat byrja i Statkraft som seksjonsleiar for vindkraft, då olje- og energiminister Terje Riis-Johansen ville ha Jarand Felland i den viktige rolla som politisk rådgjevar.

– Når ein har jobba politisk i Senterpartiet i årevis gjer stillinga som politisk rådgjevar at eg kan vere med å påverke dei politiske prosessane i departementet og setje mitt eige fotavtrykk på mange saker. Difor var eg ikkje i tvil då førespurnaden kom i midten av april, seier Felland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Revisjon av kraftkonsesjonane - den såkalla revisjonssaka - krev mykje arbeid av den politiske leiinga i Olje- og energidepartementet. Dette er ei sak som får stor betydning for Vest-Telemark. Jarand Felland seier dei er veldig opptekne av å gå grundig gjennom alle innspela som har kome under høyringa, slik at ein på best mogleg vis kan ivareta kommunanes interesser. Samtidig må departementets endelege standpunkt vere balansert. Det er ei krevjande oppgåve.

Fornybar energi

Han fortel at den raude tråden i mykje av arbeidet i departementet for tida er å syte for meir fornybar energi. Det kan vere bioenergi, ved, vind, vatn og solenergi.

– Vindtilhøva er best ved kysten. Men i dei områda er kapasiteten på høgspentnettet ofte for liten til at det er plass til overføring av meir energi. I Vest-Telemark har me ikkje det problemet. Her er det god kapasitet på overføringsnettet. Difor hadde det vore interessant om det i Vest-Telemark vert teke eit initiativ for å få Statkraft til å gjere vindmålingar i regionen. Her er heilt sikkert område som er eigna for vindmøllar, seier Felland.

Den politiske rådgjevaren nemner også ei anna sak dei jobbar med og som har stor interesse for kommunane i Vest-Telemark. Det dreiar seg om måten mengda konsesjonskraft vert rekna ut på.

Konsesjonskrafta

– Mengda konsesjonskraft ein kommune har rett på vert i utgangspunktet bestemt av det totale straumforbruket. Konsekvensen er at kommunane vil straffast hardt økonomisk om fornybar energi gjer at forbruket av straum minkar. Det er ikkje logisk når det politiske målet er å erstatte noko av straumforbruket med andre energikjelder, meiner Felland.

– Korleis vil departementet løyse denne utfordringa?

– Me ser no på ein modell der kommunane ikkje skal tape konsesjonskraft når elektrisk oppvarming vert bytta ut med til dømes pellets og flis til oppvarming. Då vil alternative og fornybare energikjelder verte interessante også i kraftkommunar som Vinje og Tokke, seier Jarand Felland.

Travelt og interessant

Arbeidsdagane hans i Olje- og energidepartementet er lange og krevjande, men ikkje minst interessante for ein som likar politisk arbeid. Arbeidsdagane er aldri like, og det er også gode høve til å reise og treffe folk. Som politisk rådgjevar for Terje Riis-Johansen er ein av Fellands oppgåver å skrive talar statsråden skal halde. Elles planlegg han reiser og kjem med innspel om kva som til ein kvar tid er lurt å profilere politisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Saker som kjem til politisk handsaming i departementet startar ofte med eit notat frå embetsverket. Den politiske leiinga har då gjerne møter med embetsverket. Deretter bestemmer me i den politiske leiinga korleis me meiner avgjerda bør vere, forklarer Felland.

Eit liv i politikken kan fort vere over. Difor veit ikkje Jarand Felland kor lenge han blir verande i departementet.

– I Senterpartiet satsar me i alle høve på ein Soria Moria II etter stortingsvalet i september, og at den raud-grøne regjeringa held fram. Så får personkabalane kome etter valet. Terje Riis-Johansen er innstilt til å halde fram som olje- og energiminister, seier Jarand Felland.