Skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan påpeikar at ei lokal forskrift om bruk av snøskuter ikkje må kollidere med sentralt lovverk.
Skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan påpeikar at ei lokal forskrift om bruk av snøskuter ikkje må kollidere med sentralt lovverk.

Forskrift i tråd med lovverket

Skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan i Fyresdal blir frustrert av å forvalte ei gamaldags motorferdselslov. Kommunen kan ikkje lage forskrift som kolliderer med nasjonalt lovverk.

I sist kommunestyremøte i Fyresdal etterlyste Nils Kristian Moe (Ap) ei rullering av lokal forskrift for mellom anna å sjå om det kunne bli lettare å få snøskuterløyve under grensa på 2,5 kilometer.

Skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan fortel til VTB at Fyresdal kommune årleg handsamar kring 150 søknader om bruk av snøskuter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Av desse er det bare 2–3 som får avslag på grunn av manglande heimel i lovverket til å gje dispensasjon, seier Momrak-Haugan.

I 1993 vedtok Fyresdal kommune ei eiga forskrift for bruk av snøskuter. Forskrifta omhandlar tidsavgrensing for løyve, vedløyve, val av trasé, løyve frå grunneigar og at ein skal ha med løyve under køyring.

Lokal praksis

– Lokal forskrift seier ingen ting om krav til avstand mellom bilveg og hytte, for dette ligg i sentral forskrift. Kommunen har ikkje moglegheit til å utarbeide eiga forskrift som går på tvers av nasjonalt lovverk, påpeikar skogbrukssjefen.

Alle forskrifter må ut på høyring. Kolliderer innhaldet med nasjonalt lovverk, vil forslaget til forskrift ikkje gå igjennom, heller ikkje hos Fylkesmannen, slår den kommunestilsette fast.

¬ – I tillegg til forskrifta har me lokale retningsliner for praksis i sakshandsamingar, og dei er jobba fram i samarbeid med politisk nivå. Heller ikkje her kan ein leggje opp til ein praksis som strir med nasjonale lovar og forskrifter, seier skogbrukssjefen.

– Lite tilpassa lovverk

Han meiner Fyresdal på ingen måte er ein «nei–kommune» når det gjeld bruk av snøskuter.

– Tvert imot prøvar me å nytte lovverket så langt det er mogleg for at folk skal trivast i heia. Men me må halde oss til lovverket som ligg føre, sjølv om ein gjerne kunne ynskje meir ansvar til kommunane. Men ynskjer ein meir råderett til kommunen i eit nytt lovverk, må ein vere sitt ansvar bevisst når det også gjeld dagens lovverk, seier Momrak-Haugan.

Fyresdal kommune jobbar opp mot direktoratet og sentrale styresmakter for å få løyve til å leggje opent løypenett i kommunen, og også over kommunegrensene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så langt har dette arbeidet vore fånyttes. Det er frustrerande å forvalte eit lovverk som er så gamaldags og lite tilpassa røyndomen, avsluttar skogbrukssjef Momrak-Haugan.