Forsterkar brua etter nye føresegner
Fylkesveg 809 på Åmdals Verk har vore stengt i snart ein månad. Det skuldast arbeid med å forsterke brua like ved butikken i bygda.
– Nye føresegner krev at dei fleste mindre bruene treng ei oppgradering. Slik er det også med brua her på Åmdals Verk, seier Roar Holte i Mesta.
Saman med Rune Bjåen har han halde på med fjerne det gamle rekkverket, skore vekk gamal asfalt og vassmeisla bort mykje av toppstøypen på brua. Snart skal dei til med å byggje brua opp att.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er ein svært tidkrevjande jobb, men om ikkje lenge så set me i gang med å bore inn om lag 100 nye dyblar på kvar side av sjølve brua. Dyblar er i dette tilfellet forankringsboltar med hylser og innvendige gjenger for å støype inn i betongen, forklarer Holte.
Same køyrebreidde
Dei skal også forskale og støype nytt. Breidda på brua bli auka litt, men Holte opplyser at for dei som nyttar brua og vegen vil breidda vera den same.
– Ljosopninga vil bli som før, men brua blir breiare på utsidene av køyrefeltet. Det er forsterkingsarbeidet som krev det, seier han.
Stengt i to månadar
Bjåen og Holte fortel at dei reknar med å halde på ein månads tid før vegen blir opna att. Dermed har vegen vore stengt om lag to månadar til saman.
– Det dukkar opp ting undervegs om så langt har gjort arbeidet ekstra tidkrevjande. Me skal også forsterke delar av fundamentet med tanke på flaumsikring, seier fagarbeidarane i Mesta.
Det betyr at dei som skal køyre til og frå Åmdals Verk må nytte Gamleveg mellom Åmdals Verk og Skafså kyrkje, eller vegen om Undebergsbrua og Råta for å kome seg til og frå.