Slegga som tjuvane bruka for å knuse butikkvindauget hadde dei lagt att utanfor.
Slegga som tjuvane bruka for å knuse butikkvindauget hadde dei lagt att utanfor.

Forsynte seg med bunadssylv

Natt til torsdag var frekke tjuvar på tokt hjå gullsmed Aabø i Kviteseid. Der knuste dei eit vindauge med slegge og tok med seg heile bunadssylvutstillinga.

Det frekke innbrotet blei oppdaga i halv sju-tida torsdag morgon. I løpet av natta hadde ein eller fleire tjuvar reist med utstillinga av gullsmedens eigenproduserte, handlaga bunadssylv.

17 gjenstandar til ein samla verdi av meir enn 100.000 kroner er borte, og berre nokre små søljer låg att i botnen av monteren. Tjuvane har knust glasruta med ei slegge som låg att på staden, og deretter har dei nok plundra fælt med å kome forbi ein skjerm av pleksiglas for å få kloa i det verdifulle sylvet, trur dei tilsette i butikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei kom seg aldri inn i sjølve butikken, og utstillinga rett ved sidan av har dei ikkje rørt. Men ho var berre verdt ein tiandedel av det dei klarte å få med seg, seier gullsmed Hans Kristian Aabø.

Etterlyser tips

Politiet gjennomførde åstadundersøkingar torsdag morgon og sikra seg då materiale dei skal undersøke vidare. Etterforskinga er førebels i oppstartsfasen, og lensmann i Kviteseid, Geir Kjartan Lid, etterlyser tips i saka.

– Me oppmodar publikum på det sterkaste til å melde frå om dei har registrert noko av interesse denne natta og morgonen. Me er òg svært interesserte i tips om mistenkelege eller ukjende personar og bilar i området kring gullsmeden i dagane før. Tjuvane kan ha vore der for å observere og planlegge, seier Lid.