Lene Vågslid (Ap), stortingsrepresentant frå Telemark og leiar av justiskomiteen, bed justisministeren gripe inn slik at det også etter 1. juni blir mogleg å få pass i Seljord.
Lene Vågslid (Ap), stortingsrepresentant frå Telemark og leiar av justiskomiteen, bed justisministeren gripe inn slik at det også etter 1. juni blir mogleg å få pass i Seljord.

Forventar at statsråden grip inn i pass-saka

Lene Vågslid (Ap) bed justisministeren stoppe politimeisteren i å legge ned passkontor.

23. mars i fjor kom Stortinget med dette oppmodingsvedtaket: «Stortinget bed regjeringa på eigna måte kome tilbake med ein plan for utskriving av våpenkort og pass i den nye tenestestrukturen som sikrar god balanse mellom kvalitet, tryggleik og brukarvennlegheit.»

Lene Vågslid, stortingsrepresentant frå Telemark og leiar av justiskomiteen, har ennå ikkje sett noko til planen i eit tid politimeisteren har varsla at passfunksjonen blir lagt ned i mellom anna Seljord frå 1. juni. Nå rettar Vågslid spørsmål til justisministeren der han innleiingsvis blir minna om statsrådens tidlegare svar på spørsmål frå Stortinget om plan for utskriving av pass i den nye tenestestrukturen. Den gongen sa statsråden at ei sak og ein plan vil bli lagt fram for Stortinget i vårsesjonen 2018.

Artikkelen held fram under annonsen.

Omgår stortingsvedtak

Vågslid konstaterer at regjeringa ikkje har fremma saka om planen innan fristen gjekk ut i førre veke for å kunne behandle den før sommaren. Vågslid skriv dette til justisministeren:

«Eg er kjent med at det nå blir gjeve beskjedar til fleire kommunar og lensmannskontor som blir oppretthalde etter strukturendringane, at passutskrivinga vil bli lagt ned. Eg er vidare kjent med at politidirektoratet har gjeve beskjed om at alle opphavelege forslag til nedlegging av passkontor blir gjennomført i tråd med tidlegare plan inntil Stortinget har sagt noko anna. Så lenge regjeringa ikkje har fremma forslag til plan for pass-struktur for Stortinget, er mi bekymring at ein her omgår Stortingets vilje og vedtak om at endringar i pass-strukturen i den nye tenestestrukturen skal avgjerast av Stortinget.»

Som døme nemner ho at lensmannskontor som Seljord, Bamble og Kragerø har fått beskjed om at passfunksjonen blir lagt ned 1. juni i år, men at det blir noko utsetting i Kragerø på grunn av pågangen.

«Dette betyr at ein legg ned passutskrivinga ved lensmannskontor før Stortinget har fått ei sak og ein plan til behandling», konstaterer Vågslid.

Klar beskjed

Ho spør justisministeren kvifor det ikkje overfor Stortinget er fremma forslag til ein plan for ny pass-struktur. Vidare om statsråden meiner at planane om nedlegging av passkontor ved fleire lensmannskontor før sommaren er i tråd med Stortingets oppmodingsvedtak?

– Eg meiner at alle moglege idear og planar frå politidirektoratet eller andre om korleis den nye pass-strukturen skal sjå ut, må avvente behandlinga i Stortinget. Gjer ein ikkje det meiner eg det er brot på Stortingets vedtak. Dette er ikkje valfritt, og eg forventar at justisministeren tek tak i dette, set ein strek over alle eventuelle beskjedar som er gjeve og avventar. Dette er ein klar beskjed og ikkje eit spørsmål, seier Vågslid til VTB.