Fylkesordførar Terje Riis-Johansen på fylkesvegen frå Tjønnefooss til Fyresdal
Fylkesordførar Terje Riis-Johansen på fylkesvegen frå Tjønnefooss til Fyresdal

Forventar vegpengar

Etter turen statssekretær Bård Hoksrud (Frp) hadde på fylkesvegar i Fyresdal, forventar fylkesordføraren at Samferdselsdepartementet no kjem med pengar til vegane i Vest-Telemark.

Det er ikkje kvar dag fylkesordførar Terje Riis-Johansen skvett til når han opnar postkassa, men det skjedde då han tok opp VTB og såg saka om turen statssekretær Bård Hoksrud hadde på fylkesvegar i Fyresdal.

Hoksrud sa mellom anna at departementet er nøydd til å auke løyvingane til fylkesvegane, fordi fylkeskommunen med sin økonomi ikkje klarer dette aleine. Hoksrud slo fast at staten må bidra meir for å hjelpe med det vanvittige etterslepet i Noreg, som på fylkesvegane i Telemark er rekna til heile tre milliardar kroner. Vidare var statssekretæren klar over at Vest-Telemark ikkje akkurat er bortskjemt med å få vegpengar, verken frå fylket eller staten.

Artikkelen held fram under annonsen.

100 millionar i tre år

– Då eg såg avisa tenkte eg at fy søren, dette må få konsekvensar. Intervjuet med Hoksrud var veldig spesielt og overraskande, og er historisk. Eg har vore i politikken i 20 år, men kan ikkje hugse å ha lest at ein statssekretær i innspurten på statsbudsjettet er så tydeleg på bruk av vegpengar. Det er ikkje mogleg å oppfatte Hoksrud annleis enn at her er det fylkesvegpengar i vente, seier Riis-Johansen.

Han har ei liste med aktuelle fylkesvegar i Vest-Telemark der oppgraderinga vil koste oppunder 300 millionar kroner. Desse vegane er Tjønnefoss–Fyresdal (170 millionar kroner), Birtedalsvegen (40 millionar), Løkedalen (16 millionar), Hegglandsgrend–Libru (12 millionar), Veum–Aslestad (14 millionar), Vråliosen–Nordbø (15 millionar), Åmdals Verk–Skafså kyrkje (6 millionar) og Skafså kyrkje–Grimdalen (5 millionar kroner).

– Gjev Hoksrud oss 100 millionar kroner kvart år i tre år skal me få orden på desse vegane. Og eg er heilt sikker på at det er støtte frå eit fleirtal på Stortinget om å løyve pengane. Me vil invitere Hoksrud og departementet til samarbeid. Me skal verkeleg snu oss kjapt og gjere jobben om pengane kjem. Eg er glad i å køyre gravemaskin, og bidreg gjerne, seier fylkesordføraren.

Verst i Vest-Telemark

Telemark er den fylkeskommunen i Noreg med nest mest gjeld. Fylkespolitikarane vedtok å låne 100 millionar kroner i fjor til opprusting av nokre fylkesvegstrekningar.

– Det driftsnivået me ligg på i dag er det me klarer å handtere. Me kan ikkje fortsetje å låne, seier Riis-Johansen.

Han har fått med seg at Hoksrud har vore i media og fortald at det har blitt meir asfalt med ny regjering.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Av dei 88 millionane som blir bruka til asfaltering i Vest-Telemark i år, låg det alt vesentlege av pengane der før Hoksrud kom i departementet, seier fylkesordføraren.

Han er klar over at det er dårlege vegar mange stader i fylket, men trur dei verste strekningane er i Vest-Telemark.

Blir skuffa

I byrjinga av oktober legg regjeringa fram sitt fyrste eige statsbudsjett, noko Riis-Johansen meiner blir veldig spennande. Han er heilt klar på kven som må ta grepet for auka vegløyvingar.

– Ballen ligg hos regjeringa med Hoksrud i førarsetet. Me er i ein heldig situasjon at Hoksrud er med og styrer vegpotten. For Telemark bør det vere ein bra situasjon, og statssekretæren har kome med lovnader som garantert må kome Vest-Telemark til gode. Når han har gått så høgt på banen og synt behovet, blir eg frykteleg skuffa om det ikkje kjem pengar til dei fylkesvegane eg har på lista mi, seier Riis-Johansen.