Forvirring rundt husleigeprisar
Samfunnshusa i Høydalsmo og Åmdals Verk har like utleigeprisar. Prislistene på Åmdals Verk seier det skal koste tusen kroner å leige heile huset. Men rekninga til dei som leiger er tre gonger så stor.
VTB er kjent med at både privatpersonar og lag har fått rekningar på 3 000 kroner for leige av samfunnshuset. I prislista som heng inne på Åmdals Verk, og som skal vere lik den i Høydalsmo, er prisane sett slik: Sal 600 kroner, klubblokale Åmdals Verk 400 kroner, matsal Høydalsmo 400 kroner, heile huset inkludert kjøkken 1 000 kroner.
På Åmdals Verk har det tidlegare vore mogleg å leige klubblokalet i kjellaren, men dette er no gjort om til treningsrom. Derfor er det berre mogleg å leige salen på Åmdals Verk, altså ikkje heile huset. Dermed skal leiga, etter prislista som rett nok er frå 2008, vere 600 kroner inkludert kjøkkenet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Politikarane i Tokke handsama i september 2016 ei sak om dette, og då blei det vedteke nye prisar. Me vedgår at informasjonen rundt endringane har vore for dårleg. Prislista er å finne på kommunens heimesider, men dei har ikkje kome fysisk på plass i lokala, seier Gunhild Austjord, plan-, næring- og teknisk sjef i Tokke.
Strammare kommuneøkonomi
Det er med bakgrunn i den endra økonomiske situasjonen i kommunen at prisauken blei vedteken.
– Driftsrammene på teknisk er særleg låge i høve til den store bygningsmassen me driftar, forklarer Austjord.
I saksutgreiinga frå 2016 står det elles at bruk av kommunale hus skal vere gratis for friviljuge lag og organisasjonar tilhøyrande Tokke kommune så lenge det ikkje er snakk om inntektsgjevande arrangement.
Dei nye prisane viser at det kostar 3 000 kroner å leige heile huset inkludert kjøkkenet både i Høydalsmo og på Åmdals Verk. Dersom ein ynskjer å leige kulturhuset på Dalen vil det koste 4 000 kroner, men då er ikkje leige av bassenget inkludert.
Paff
Ein av dei som leigde samfunnshuset på Åmdals Verk, medgjev at han blei overraska då rekninga kom.
– Eg blei nokså paff då rekninga på 3 000 kroner dukka opp. Eg trudde prislista som heng på veggen i samfunnshuset var gjeldande, og det vil seie at me skulle betale 600 kroner. Hadde me visst kva det kosta hadde me nok ikkje leigd huset, seier Per S. Pedersen som leigde samfunnshuset til barnedåp for barnebarnet.
Betala 1 100 kroner
Han meiner kommunen burde oppdatere listene slik at folk veit kva den rette prisen er. Pedersen er også tydeleg på at prisauken er nokså heftig, og at det kan bety at færre vil leige.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg reagerte og reiste ned på kommunehuset. Det heile enda med at eg betala 1 100 kroner, men eg veit ikkje korleis dei kom fram til akkurat det beløpet. Elles kan dei vel risikere at færre vil leige no, og dermed kan inntektene bli lågare likevel, seier han.
Dersom ein ynskjer å leige samfunnshuset på Åmdals Verk må ein skrive seg inn i ei bok som ligg hjå Åmdals Verk daglegvare.
– Me har motteke den nye prislista no. Ho må ha kome dei siste dagane, seier Åse Solli som arbeider i butikken.