18. mars avgjer Fylkesmannen i Telemark om Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark blir styrka med ei stilling. Det håpar barnevernskonsulent Tone Gunn Svalastog, barnevernskonsulent Anette Jakobsen, sekretær Kari Straand og leiar for det interkommunale barnevernet, Gunn Annie Hellestad.
18. mars avgjer Fylkesmannen i Telemark om Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark blir styrka med ei stilling. Det håpar barnevernskonsulent Tone Gunn Svalastog, barnevernskonsulent Anette Jakobsen, sekretær Kari Straand og leiar for det interkommunale barnevernet, Gunn Annie Hellestad.

Frå 89 til 108 bekymringsmeldingar

Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark hadde ein stor auke i bekymringsmeldingar i 2010, og frå 2005 til 2010 har meldingane auka med 74 prosent i regionen.

– Det har vore ein enorm auke av innkomne bekymringsmeldingar til barnevernet dei fem siste åra, seier leiar av Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark, Gunn Annie Hellestad.

Ho viser til ein auke på 74 prosent frå 2005 til 2010. Tala for 2009 syner at det kom 89 meldingar inn, medan i fjor hadde talet auka til 108.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Auken er ikkje bare her i Vest-Telemark, ein ser det over heile landet, seier Hellestad.

Søkjer ny stilling

Nasjonalt ser ein ein auke på 46 prosent barn som mottek tenester frå barnevernet. Difor er det i statsbudsjettet for 2011 lagt opp til auka satsing på barnevern. Det er sett av 240 millionar kroner til tiltaket, og desse midlane blir forvalta av Fylkesmannen og tildelt etter søknad.

– Sidan me har eit interkommunalt barnevern i Vest-Telemark må kommunestyra i dei seks kommunane me representerer handsame saka, og gje fullmakt til å sende søknaden. Det er bestemt at barnevernet i Telemark skal bli styrka med 13 stillingar. Me har søkt om å få ei av desse stillingane til Vest-Telemark, seier Hellestad.

– Det er dessverre ikkje realistisk å søkje om meir sjølv om me gjerne ville hatt to stillingar. Men om me får ei stilling til er me betre rusta til å gje barna og familiane deira rett hjelp til rett tid, seier ho.

Ho omtalar det interkommunale barnevernet som veldrive, og kjenner seg ikkje att i all medieomtala som barnevernet får i desse dagar.

Brot på fristar

– Lova i barnevernet er veldig regulert, me har hatt enkelte brot på fristar før, men ikkje så mange som det blei i 2010. 8 prosent av dei innmeldte sakene som gjekk til undersøking gjekk beklageleg til fristbrot, seier Hellestad.

– Kor mange saker gjeld dette?

– Elleve saker fekk me brot på i 2010. Det er alt for mange, og blir veldig tydeleg når me kanskje har hatt eitt slikt tilfelle tidlegare. Lova er der for at ungar ikkje skal vente lenge, men når meldingane aukar klarer me ikkje å handtere alle sakene me skal med den bemanninga me har, beklagar Hellestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når bryt de fristar?

– Når me får inn ei bekymringsmelding skal saksbehandlaren vurdere saka innan ei veke. Viser det seg at ein burde sjå nærare på saka går ho over til undersøking. Då har me tri månadars frist til å finne ei løysing eller om ein treng å gå inn og gjere tiltak. Eit resultat av saka kan også vere at meldinga ikkje gjev grunn til bekymring og kan bli lagt bort, forklarar Hellestad.

Fleire alvorlege saker

– Kva omhandlar fjorårets bekymringsmeldingar i Vest-Telemark?

– Det har vore fleire alvorlege saker som mellom anna har omfatta vald i familien der barnet er involvert. Me har saker som handlar om psykiatri, det er komplisert og vanskeleg både hos barna/ungdomane sjølve og hos foreldra deira. Me har også fått fleire russaker enn på ei stund, fortel barnevernsleiaren.

Ho fortel at sakene dei jobbar med er komplekse, og at det tar tid.

– Det er naudsynt å gjere eit grundig arbeid, og det har ført til at me ikkje bestandig har klart det innanfor dei tidsfristane me har, seier Hellestad.

– Det er krevjande å drive barnevern i Vest-Telemark. Det er små kommunar, men over eit stort areal og veldig mykje tid blir nytta langs vegen til reiser, seier ho.

Hellestad meiner at det går mykje tid når ein skal rundt til samarbeidspartnarar, mange av dei utanfor regionen. I dei tyngre sakene treng ein hjelp frå utsida, og då nyttar ein tid til å få ting på plass der også, seier ho og meiner at barnevernet i Vest-Telemark difor ikkje har moglegheit til å vere så effektive som ein kunne vore om ein dekte eit mindre område som i byane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Arbeidsfeltet vårt dekkjer halve arealet til Telemark fylke, og folk bur over alt. Og det er dit me må, treffe folket der dei bur, seier ho.

Pressa arbeidsstokk

Hellestad trur auken i saker, ikkje bare lokalt i Vest-Telemark, men nasjonalt, er samansett av fleire ting.

– Det er meir fokus på barnevernet, korleis og kvifor ein skal melde i frå om ein er uroa for ein unge eller ungdom. Men det er fleire saker generelt også. Samfunnet har endra seg, det er meir flyt. Folk har blitt utruleg mobile, ikkje minst med tanke på nettbruk.

Barnevernet sjølv har også vore opptekne av å gje opplæring til samarbeidspartnarar.

– Ein ser ein trend; om ein skule fyrst melder frå om ei sak, kjem det ofte fleire meldingar etterpå. Skulane melder meir i frå til oss enn tidlegare, det viser statestikken. Og me får fleire meldingar som gjeld yngre barn også, seier barnevernsleiaren.

– Dei fleste sakene blir meldt frå foreldre sjølve, seier Hellestad.

Flinke medarbeidarar

Hellestad rosar arbeidsgjengen i den interkommunale barnevernstenesta.

– Eg har ein fantastisk arbeidsgjeng. Me har 10,7 stillingar som barnevernskonsulentar og ein sekretær. Sjølv om det har skjedd ein kraftig auke av saker i barnevernet har stillingsressursen ikkje blitt endra, seier leiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho innrømmer at det er vanskeleg og mykje press i kvardagen, både med tanke på auka saksmengde og fleire krevjande saker.

– Men eg har ein super gjeng med meg. Dei er dyktige og strekkjer seg langt, men nå treng me gjere noko med arbeidspresset. Det er grenser for kor lenge dei klarer å halde på i dette tempoet, seier Hellestad.