Seljord går frå fire til tre drosjeløyver. (Illustrasjonsfoto)
Seljord går frå fire til tre drosjeløyver. (Illustrasjonsfoto)

Frå fire til tre drosjeløyve i Seljord

Formannskapet i Seljord vedtok torsdag å rå Telemark fylkeskommune om ikkje å lyse ut drosjeløyve H-108 i Seljord sidan dei meiner at fire løyve syns vere for høgt knytt til oppdragsmengda.

Bakgrunnen for saka er at drosjeløyve H-108, eigd av Per Arne Velten, er sagt opp med verknad frå 15. november i haust og Telemark fylkeskommune bed mellom anna Seljord kommune om innspel og kommentarar for å kunne ta stilling til om løyvet skal bli lyst ut på nytt.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag er det fire drosjeløyve i Seljord kommune, delt på dei to løyvehavarane Tordis Slettebø og Per Arne Velten. Nå har Velten sagt opp eitt av løyva og opplyser til kommunen at det ikkje er økonomisk forsvarleg å ha fire løyve i Seljord sidan det er for då oppdrag og trenden dei siste åra har vore svært negativ for drosjenæringa.

Det blir også orientert om at drosjene mistar oppdrag på grunn av færre sjuketransportar sidan det er meir samkøyring, færre oppdrag under festivalane og Dyrsku'n, færre kommunale brukarar, samt mindre almen bruk av drosje.

Sakshandsamar Asbjørn meiner det er vanskeleg å vurdere om det optimale talet er fire eller tre drosjeløyver i Seljord, men legg til at administrasjonen meiner at det må vere bedriftsøkonomisk forsvarleg å ha drosjeløyver i Seljord og at det synast som om fire er for mange.