Framtida for Tokke-samfunnet – ein heilskapstanke eller ikkje?
█ Ser i avisene at Olav Urbø i Tokke Senterparti meiner å vite kva Tokke Arbeidarparti har landa på i saka om skulestruktur. For å vere så kvass i uttalen bør ein forvente at Urbø (som ikkje var tilstades på møte) tek seg tid til å lese Tokke Ap sitt framlegg og kanskje lytte til kva me seier? Urbø er ikkje medlem av formannskapet og har teke seg til sjølv å «analysere» kva Tokke Ap meiner.
Kan godt referere framlegget:Tokke Arbeidarparti meiner det ikkje lenger er forsvarleg å foreta store nedskjeringar i oppvekstsektoren då dette vil i alt for stor grad svekke det totale skule- og barnehagetilbodet i kommunen. Me bed difor rådmannen om å setje i gangein prosess med å sjå på endringar i skule og barnehagestrukturen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tilleggspunkt:Då nokre av tala er usikre må det koma opp ei sak med budsjettjusteringar våren 2014 når vedtak om strukturendringar er gjort i skule og omsorg. Kommunestyre vil då gjere endeleg vedtak i økonomiplanen 2014–2017.
Tilleggspunktet vart samrøystes vedteke i formannskapet 20. november.
Det siste punktet er viktig, der me seier at budsjettala er usikre fram til ein får eit vedtak i høve skulestruktur og omsorgsstruktur. Tokke Ap legg ikkje skjul på at me ynskjer ei endring i skulestrukturen. Visar bl.a. til vårt framlegg i 2010 om å flytte mellomtrinna ved oppvekstsentra til Tokke og Høydalsmo skule.
Men me har ikkje ennå bestemt oss for kor stor endring me vil gå for nå, då me har respekt for prosessen med høyringsrundar osv. Det som uroar oss er at det er eit faktum at me neste år har 246 elevar fordelt på 5 skular, den minste skulen vil ha 8 elevar frå 1. til 7. klasse. Prognosane framover er ikkje lystige.
Tokke Ap meiner det er viktig å gjere eit vedtak som blir mest mogleg varig.
Meiner Urbø og Tokke Senterparti at det ikkje er utfordringar for skulen i kommunen ved å kutte etter ostehøvelsprinsippet? Meiner de at kvaliteten i skulen vil vere like god når ein tek vekk 5 lærarstillingar? Kuttar 2 mill. i undervisningsmateriell/ekskursjonar?
Finns der etter Tokke Sp sitt syn ei grense for kor stor/liten ein skule skal vere?
Denne saka er ikkje lett for nokon, verken for me folkevalde eller folk flest, men det å ikkje gjere grep som gjer at me ikkje klarar innsparingsmåla og må drive kommunen med underskot, kan Tokke Ap ikkje vere med på. For Tokke Ap er det viktig å sjå nøye på det totale tenestetilbodet for alle innbyggjarane i kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så til slutt: er innlegget til Olav Urbø hans personlege syn eller er det på vegne av Tokke Sp?
Me ser fram til å sjå kva innsparingstiltak Tokke Sp vil gå for i økonomiplanen 2014–2017 utan strukturelle grep.
Kjell Magne Grave varaordførar, Tokke Ap