Framtidsretta jubilant
Det var framtidsplanar som stod i fokus, men eldsjeler med mange års innsats vart også heidra på 100-års jubileet til Kviteseid idrettslag laurdag.
Hundre kviteseidingar var møtt fram til festpynta bord på Sundvang laurdagskvelden for å heidre eit idrettslag som kanskje ikkje har hatt så mykje anna aktivitet enn fotball dei siste åra.
Svein Dag Midtsund var kveldens toastmaster. Han gav eit historisk tilbakeblikk og me fekk sjå bilete og høyre om gode prestasjonar opp gjennom tida.
Artikkelen held fram under annonsen.
Framtidsretta
På 80 års festen var det 80 personar som feira, på 90 års dagen var det 90 gjester, og i dag er hundre tribuneslitarar, utøvarar, klubbmeistrar, sofaslitarar og dugnadsfolk samla til festleg lag, uttala Midtsund.
Leiar i jubileumskomitéen til Kviteseid idrettslag, Dag Jørund Lønning, oppmoda dei frammøtte til å vere framtidsretta og delta i framtida.
Me må sjå framover mot dei neste hundre åra med laget, meinte Lønning.
I dag er det berre fotballgruppa som er aktiv, elles er ikkje denne hundreåringen så sprek. Ski- og friidretten er nesten borte. I dag er stoda slik at ein landar i ei bjørk om ein hoppar lengde på banen og krattskogen har tatt over Lundevallsbakken, sa Lønning.
Han meinte folk må vere med å engasjere seg om dei skal klare å få aktiviteten opp att i laget.
Folk må stille krav til oss i idrettslaget, men dei må vere viljuge til å stille opp sjølve også. Store mål kan bli realisert om me står saman, seier han.
Underhaldning
Jubileumsfesten hadde mange musikalske innslag der elevar og lærarar frå musikkskulen bidrog med fele, trompet og piano. Lærarane frå musikkskulen akkompagnerte også då festlyden hadde allsong, mellom talar, koldtbord og blautkake.
Med taler, gåver og gratulasjonar helsa ordførar Torstein Tveito, representant frå Sparebanken Sør, Kristin Sandvik, leiar i Vrådal idrettslag Terje Nekstad og leiar i Telemark idrettskrins Ole Henrik Lund. Idrettslaget hadde også fått gåver og helsingar frå idrettslaga i Morgedal, Brunkeberg og Høydalsmo.
Artikkelen held fram under annonsen.
Heider og ære
Kviteseid idrettslag har tidlegare delt ut fire æresmedlemsskap, og laurdag vart eit nytt medlem heidra.
Æresmedlemmet har sitte i styret, vore aktiv og gjort ein stor innsats på mange måtar. Me bed Einar Lindestad kome fram, sa Svein Dag Midtsund.
Idrettslaget hadde også valt ut sju personar som skulle få gullmerke. Dette er eit heidersmerke til folk som har gjort ein god innsats for laget i meir enn 10 år.
Fyrste kandidat meinte styret at var meir enn roleg og avbalansert.
Ho skyt like godt med høgre, venstre eller mausern. Ho har ikkje nei i sitt ordforråd, kytte Midtsund og bad Kristine Brauti kome opp.
Vidare fekk Helge Lauve medalje. Han har halde buret reint i alle år og har vore aktiv både innan fotball og ski. Einar Landsverk fekk den tredje medalja for ein god skotfot, og trufast teneste i styret. Bjørgulf Ruud var med på renovering av idrettsbanen og gjorde eit godt arbeid i samband med kart til boka «På tur i Kviteseid». Som aktiv fotballspelar, og seinare trenar for jentelaget og sertifisert friidrettsdommar vart Roger Løvsgren også mottakar av medalje. Toralf Grave var på topp på 60- og 70-talet, hevda seg lokalt og nasjonalt og gjer eit godt administrativt arbeid i dag. Den sjuande gullmedaljen gjekk til Tore Midtsund. Han var svært talentfull skiutøvar, hevda seg på krinsnivå, var med på å få fotballen på beina i stille tider og var trenar for ski og fotball.