Fristen for vraking nærmar seg
Staten har berre ein frist for vraking av bil dersom ein ikkje vil betale årsavgifta. I år er 21. mars absolutt siste sjanse.
– Det hjelper ikkje å berre avskilte bilen for å sleppe å betale årsavgifta. Me må fysisk ha bilen slik at me kan skrive ei vrakmelding. Siste frist for innlevering av bilar til vraking er 21. mars. Om du ikkje held tidsfristen må du betale årsavgifta, fortel Johnny Bakken, dagleg leiar i JB Bilservice i Vrådal.
Han opplyser at det til vanleg er stor pågang for å levere bilar til vraking, og vanlegvis er fristen 20. mars. Sidan den datoen i år fell på ein sundag, er det altså dagen etter som gjeld.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me reknar med å få det travelt framover, og eg oppmodar gjerne folk om å kome før siste dagen, seier han.
Vrakpant på 3 000
Bakken fortel at det skal vere så enkelt som råd for kunden å levere bilar til vraking. Og er dei i tvil om korleis dei skal gå fram, tek han gjerne imot spørsmål på telefon.
– Det er sjølvsagt berre å ringje. Men elles er det heilt i orden å kome med vrakobjektet utan å melde ifrå. Me har ope fram til klokka 16 00, opplyser han.
Dersom ein leverer bil til vraking er vrakpanten på 3 000 kroner. Dette er pengar som kjem inn på konto til den som leverer bilen. Går ein over fristen den 21. mars, må altså kravet om årsavgift betalast.
Låner ut tralle
– Det er også mogleg å låne tralle av oss dersom vrakobjektet ikkje er køyrbart. Me låner ho ut gratis, men me må sjølvsagt avtale det på førehand, seier Bakken.
– Trur du det er mange potensielle vrakobjekt i Vest-Telemark?
– Det er eg heilt sikker på at det er. Mange sparer nok på utrangerte køyretøy med tanke på at dei kan kome til nytte, anten som delebil eller som oppussingsobjekt. Men då kan det vere lurt å spørje seg om det eigentleg blir noko av. Eg er viss på at mange kjenner seg att no, smiler han.
– Det er litt sånn kjekt å ha-greie, legg han til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tidlegare var det toll- og avgiftsdirektoratet som administrerte årsavgifta og alt i samband med det. No har skatteetaten teke over ansvaret.
Ikkje søppelmottak
– Kva må folk gjere med vrakobjektet før dei leverer til dykk?
– Me tek ikkje imot bilar som er fulle av søppel eller tomgods. Det har faktisk skjedd at me har avvist mottak på grunn av dette. Elles står det kunden fritt om han til dømes ynskjer å behalde batteriet dersom det er i svært god stand. Men han må demontere det sjølv, svarar Bakken.
Han opplyser elles at dei tek i mot batteri, reint stål og bildekk.
– Det gjer me heilt gratis, og eg ynskjer at folk tenkjer på miljøet både når det gjeld batteri og bildekk. Det er nok mange som har slikt ståande heime hjå seg utan at det blir bruka, trur han.
Skatteetatens reglar:
Vraking av bil:
Vrakar du køyretøyet ditt innan gjevne fristar, kan du sleppe eller få redusera årsavgift. Dersom du vrakar bilen i perioden 1. januar til 21. mars 2016, skal du ikkje betale årsavgift. Får du faktura for årsavgift, treng du ikkje å betale han. Har du alt betala, vil du få refundert avgifta. Om du vrakar bilen i perioden 22. mars til 30. juni, blir halve avgifta refundert. Beløpet blir refundert til den som eigde køyretøyet på vrakingstidspunktet. Vrakar du bilen etter 30. juni, får du ingen refusjon av årsavgifta. Vrakpant blir utbetalt kvar 14. dag, og er i 2016 på 3 000 kroner.
Kondemnering:
Kondemnering er ikkje det same som vraking, og gjev ingen reduksjon i årsavgifta. Å kondemnere eit køyretøy er å erklære det for ubrukeleg. Det er eit forhold mellom deg og forsikringsselskapet ditt, til dømes ved ulykker og skadar.
Avskilting av bil:
Du må avregistrere bilen seinast 31. desember for å unngå å betale årsavgift for året etter. Avregistrerer du bilen etter 1. januar, må du betale årsavgift for heile året.
Artikkelen held fram under annonsen.
Årsavgift:
Alle som eig eit registrert køyretøy under 7 500 kilo, må betale årsavgift. Faktura for årsavgifta vert sendt ut i februar kvart år. Fakturaen blir sendt til den som åtte køyretøyet 1. januar. Forfallsdato for årsavgifta er 21. mars i 2016. Dersom årsavgifta ikkje blir betalt innan forfall, må du uansett årsak, betale ei tilleggsavgift. Ubetala krav blir overført Statens innkrevjingssentral. Satsane for årsavgifta er 3 135 kroner for bilar under 7 500 kilo. Dersom du køyrer ein dieselbil under 7 500 kilo utan partikkelfilter må du ut med 3 655 kroner. For motorsykkel er avgifta på 1 920 kroner, medan du må betale 445 kroner dersom du køyrer veteranbil, drosje, moped, traktor eller elbil.
(Kjelde: Skatteetaten)