Fryktar arkivskatt blir øydelagt
I mange kommunar blei gamalt arkivmateriale brent under krigen. Men det skjedde ikkje i Nissedal, og derfor sit kommunen med protokollar og dokument som er fleire hundre år gamle. Anne Marie Aarak i Treungen har registrert at arkivskatten framleis står lagra i eit gamalt bomberom i kommunehuset, slik han stod då ho var der for 30 år sidan. Kommunen har ikkje ressursar til å få fart på eit skikkeleg system for arkivering. Eg er redd for at arbeidet med å flytte eldgamalt arkivmateriell inn i eit trygt rom er så langsiktig at graset gror medan kua døyr, seier Aarak. Dei andre kommunane i Vest-Telemark er i rute med arkiveringa si.
På byrjinga av 1970-talet krabba Anne Marie Aarak og dåverande Nissedal-ordførar Torkjell Solheim på golvet i bomberomet i kommunehuset og leita etter gamle protokollar. 30 år seinare tok Aarak ein ny tur ned i same romet, og kunne registrere at gamle protokollar, dokument og bilde låg der akkurat som før.
I eit anna rom like ved har kommunen sett opp nye arkivhyller som nesten står tome. Det er ikkje tid nok til å gjere nødvendige registreringar og flytte arkivmaterialet inn i det nye og tørre lagringsromet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ei stor skam at kommunen oppbevarer gamle papir på ein slik måte at dei ikkje blir sikra for etterslekta. Me kan ikkje godta ei slik slett behandling av kulturarven. Dokument og protokollar må flyttast snarast over i det nye arkivromet, seier Aarak opprørt.
- Ressursane det står på
VTB og Aarak tok eit dykk ned i kommunens arkivrom. Nissedal kommune sin hovudansvarlege for arkivering, Wenche Grønås, og arkivmedhjelpar Margit Johansen har båe hatt arkiveringskurs, og viste vegen ned til det gamle materialet som er fordelt på fleire rom i kommunehuskjellaren. Dessutan tok me ein titt på det nye og flotte arkivromet, som førebels bare har minimalt med gamle protokollar og anna på plass.
- Det er ein kjempejobb å ha eit skikkeleg system på arkiveringa. Me tek arbeidet i ledige stunder, fortel Grønås og Johansen.
- Kor ofte har de ledige stunder til dømes i løpet av ein månad, undrar Aarak.
- Det er umogeleg å seie. Det er ressursane det står på for å få utført arbeidet. Beste løysinga er å få sett av kommunale midlar og leige inn hjelp. Her er det snakk om arbeid til ein person i minst eitt år. Jobben må gjerast av fagpersonale, svarar Grønås og Johansen.
- Eg er redd for at arbeidet med å flytte arkivmateriell inn i eit trygt rom er så langsiktig at graset gror medan kua døyr, svarar Aarak, i frykt for at til dømes gamal skrift utført ved hjelp av blåbær skal bli øydelagt.
- Men skrifta på materiell frå 1800-talet har ikkje forsvunne, så det toler nok å liggje litt til, seier Grønås, barnebarn til Torkjell Solheim, i det me kjem inn i bomberomet der det ligg eldgamle protokollar og anna stabla i pappesker og plassert rundt i lokalet.
Myggel
Både Grønås og Johansen synest det er flott at Aarak viser stor glød for å ta vare på arkivmateriale.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nissedal kommune har eit veldig rikt arkiv. Mange andre kommunar brente mykje arkivmateriale under krigen. Elles sa ein museumsmann som hjelpte oss med arkivering at veldig mange protokollar her var tatt godt vare på, ynskjer Grønås å roe med.
- Å, det var bra. Men eg blir ikkje roleg før eg ser at alt arkivmateriale i bomberomet er flytta inn i det nye lokalet. Her er til dømes ein protokoll frå Treungen forbruksforening 1872. Det er slike som denne eg er redd for, sjå på denne flotte skrifta. Tida jobbar mot oss, me har ikkje råd til å miste ein slik gullskatt i kommunen, svarar Aarak.
- Eg tør ikkje seie om kommunen bryt lovverket med dagens oppbevaring, men det er ei temmeleg klar arkivlov som seier kva ein skal gjere, seier Grønås.
Ho fortel vidare at ein del av det som ikkje høyrer heime i det kommunale arkivet, er gjeve til Nissedal historielag. Elles etterlyser ho om det finst gamle kommunale papir og protokollar som også bør inn i det nye arkivsystemet.
Me er nesten ferdige med runden i arkivet, då Aarak tek fram ei gåve ho vil overrekkje dei arkivansvarlege.
- Her er formannskapslova frå 1837, delar av henne er på gotisk, smiler Aarak.
Om ho snart kan smile over at alt arkivmateriale er tatt hand om i det nye lokalet, får tida vise. Aarak er bekymra for at viktige verdiar skal bli øydelagt, og skvatt til då ho etter å ha vore ein ny tur på kommunehuset fann ein pappask med gamle protokollar ho leverte kommunen i 1980.
- No luktar dei myggel, fortel Aarak til VTB.
Andre har gjort arkivlyftet
Dei andre kommunane i Vest-Telemark har dei siste åra teke eit lyft for å få orden på arkiva sine. Fleire er medlemmar i IKA Interkommunalt arkiv på Kongsberg. Dit sender kommunane mellom anna arkivmateriale som inneheld sensitive opplysningar som sjukejournalar og skulene sine elevarkiv.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fyresdal kommune hadde ei større opprydding i arkiva sine for eit par år sidan. Då blei mykje sendt til IKA, medan kommunen har eit lokalhistorisk arkiv på biblioteket. Det er det bibliotekaren som tek hand om.
I Seljord kommune er dei også medlem i IKA. Alt anna arkivmateriale er systematisert og plassert i eit sikkert rom.
Kviteseid kommune opplysar at dei for to år sidan gjorde ein ordentleg jobb for å sikre arkivmaterialet. I samband med oppryddinga blei det laga eit nytt arkiv og materialet katalogisert.
På Rauland har Vinje kommune sitt lokalhistoriske arkiv med alle gamle dokument fram til kommunesamanslåinga i 1964. Der har dei fast opningstider, og interesserte kan få hjelp til å finne fram i gamle protokollar og dokument.
Arkivmateriale frå 1964 til 1980 har Vinje kommune sendt til IKA på Kongsberg. Kommunen har eiga arkivavdeling som arbeider fortløypande med å arkivere og systematisere nyare materiale.